Emil Hegle Svendsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emil Hegle Svendsen under Blinkfestivalen i Sandnes
Foto: Jarle Vines
Emil Hegle Svendsen (2008)

Emil Hegle Svendsen (fødd 12. juli 1985) frå Trondheim, er ein norsk skiskyttar og langrennsløpar. Han representerer Trondhjems Skiskyttere og Strindheim ski, langrennsavdelinga til Strindheim IL. Hegle Svendsen fekk sitt definitive gjennombrot då han vann to gull (20 km og fellesstart) under VM i Skiskyting 2008 i Östersund. I tillegg har Svendsen vorte juniorverdsmeister i skiskyting fleire gonger samt at han har medaljar frå juniorverdsmeisterskap i langrenn.

Meritt[endre | endre wikiteksten]

Berre individuelle medaljar

Verdsmeisterskapen i skiskyting

  • 2 gullmedaljar (20 km og fellestart i 2008)

Enkeltrenn i Verdscupen i skiskyting

  • 3 sigrar
  • 1 andreplass
  • 3 tredjeplassar

I tillegg har Emil Hegle Svendsen ein bronsemedalje frå VM-stafetten i 2007, sølv frå stafetten i 2008 og gull på stafetten i 2009.