Emil Rathenau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emil Rathenau

Emil Moritz Rathenau (11. desember 183820. juni 1915) var ein tysk ingeniør og industrimann. I 1881 fekk han skaffa seg rett til å nytta patenta til Thomas Alva Edison i Tyskland. Rathenau grunnla i 1883 Deutsche Edison-Gesellschaft für angewandte Elektricität, som i 1887 vart skipa om til Allgemeine Elektricitäts-Gesellschaft (AEG). I 1903 grunnla han saman med Werner von Siemens selskapet Telefunken Gesellschaft für drahtlose Telegraphie mbH. Han var son av Moritz Rathenau og var far til seinare utanriksminister Walther Rathenau.

Rathenau var av jødisk avstamming. Han var frå 1866 gift med Mathilde Nachmann.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Manfred Pohl: Emil Rathenau und die AEG, Verlag v. Hase & Koehler, Mainz, 1988, ISBN 3-7758-1190-7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]