Emil i Lønneberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Emil i Lønneberget er ein av Astrid Lindgrens litterære figurar, ein gut i 8-årsalderen som finn på så mange ugangsstrekar at han er vidkjend for det.

Familien Svensson og arbeidsfolka deira bur på garden Katthult i grenda Lønneberget i Småland. Emil har ei veslesyster, Ida, som har ei eiga sommarvise («Du ska inte tro det blir sommar» som ofte vert songen på skuleavslutningar i Sverige). Den jentungen vart til og med heist opp i ei flaggstong, og det er den typen tiltak som får far til borna til å verte rasande og jage sonen skrikande «EEEEEEMIIIL, din förgrymmande unge!» til denne får låst seg inne i snikkarbua. Sjølv om det finst det ein song. Faren er vel knappast den som er Emils mannlege førebilete, det er det snarare drengen Alfred som er. Mor til Emil er den som skriv ned forteljingane.

Emil var far til Astrid Lindgren, Samuel August, sin favoritfigur, noko som ikkje er så rart, då han og Emil var born i same tidsperiode og område. Ho har skildra det slik:

«När Emil sprang omkring på sina barfotaben i Lönneberga, var Samuel August en ungefär likadan liten Smålandspojk i en socken strax intill, fastän han sannolikt inte gjorde fullt så många hyss.».

Ein del av det som det står om i bøkene om Emil er sånt som Astrid har høyrt Samuel August fortelje om.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1963 - Emil i Lönneberga, på norsk: 1964 Emil fra Lønneberget
  • 1966 - Nya hyss av Emil i Lönneberga, på norsk: 1966 Nye spell av Emil fra Lønneberget
  • 1970 - Än lever Emil i Lönneberga, på norsk: 1970 Emil fra Lønneberget gir seg ikke
  • 1972 - Den där Emil, på norsk: 1972 Nei, han Emil fra Lønneberget
  • 1976 - När Emil skulle dra ut Linas tand, på norsk: 1976 Da Emil skulle trekke Linas tann
  • 1984 - När lilla Ida skulle göra hyss, på norsk: 1984 Da Ida også ville i snekkerbua!
  • 1984 - Stora Emilboken (samlingsverk)
  • 1985 - Emils hyss nr 325, på norsk 1985 Emils spell nr 325
  • 1986 - Inget knussel, sa Emil i Lönneberga, på norsk: 1986 Ikkeno' knussel, sa Emil fra Lønneberget
  • 1989 - Ida och Emil i Lönneberga (samlingsverk), på norsk: 1990 Ida og Emil fra Lønneberget
  • 1995 - Emil med paltsmeten
  • 1997 - Emil och soppskålen, på norsk: 1997 Emil og suppebollen

Bøkene om Emil i Lønneberget er illustrerte av Björn Berg.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • 1971 - Emil i Lönneberga, norsk tittel: Emil i Lønneberget
  • 1972 - Nya hyss av Emil i Lönneberga, norsk tittel: Nye streker av Emil i Lønneberget
  • 1973 - Emil och griseknoen, norsk tittel: Emil og Grisungen

Filmane om Emil vart regiserte av Olle Hellbom.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den svenske Wikipedia Arkivert 2005-03-27 ved Wayback Machine.