Emilie Marie Nereng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emilie Marie Nereng
Voe2.JPG
Verkeleg namn Emilie Marie Nereng
Alias Voe
Fødd 1995-11-033. november 1995, Hønefoss i Buskerud i Noreg
Instrument Vokal
Yrke Skribent, songar, modell
Nettstad www.voeblogg.no/

Emilie Marie Nereng, kjend som Voe (fødd 3. november 1995 i Hønefoss) er ein norsk skribent, songar og modell. Ho vart kjend som bloggar i 2009, og var den norske bloggaren med flest treff i fleire månader i 2009 og 2010.

Nereng er fødd og bur i Hønefoss. Ho byrja å blogge i mars 2009. I oktober 2009 hadde bloggen hennar 3,5 millionar treff. 2. januar 2011 kunngjorde ho på bloggen sin at ho slutta å blogge grunna mykje negativ merknad og tidspress. 31. august 2011 byrja ho å blogg igjen.[1]

I 2010 forelas ho om sosiale medier på Høgskolen i Lillehammer. Ho var med sine 14 år tidenes yngste forelesar på høgskulen.

20. oktober 2011 opna ho det nye mobilnettverket til Telenor i Noreg.[2]

Namnet Voe kjem av at ho vart kalla Voe på grunn av ein T-skjorte ho hadde på seg, der det stod Voe, som er ei forkorting for Voice of Europe.

Ho har òg jobba som modell, og har utført modelloppdrag for ungdomsbladet Topp og jentebladet Julia, og dessutan OnePiece.

Hausten 2012 deltok ho i Norske TalenterTV 2, saman med Dandelions Cheer Crew. Laget tevla om ein semifinaleplass, men rauk ut i ein av kvartfinalane.[3]

Innhaldsliste

Diskografi [endre]

Singlar [endre]

Kjelder [endre]

Bakgrunnstoff [endre]