Emine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Neset Emine
Neset Emine

Emine er eit nes ved kysten av Svartehavet i Bulgaria. Det ligg 78 km sør for Varna, 54 km nord for Burgas og 14 km sør for Obzor. Neset dannar det vestlegaste punktet av Balkanfjella. Ein seier at Emineneset er det mest vindfulle i Bulgaria.

I mellomalderen vart det ei festning kalla Emona på Emineneset. Namnet til festninga kom frå Aemon, det antikke namnet på Balkanfjella. I dag står berre ruinar igjen etter festninga. Det ligg òg restar av eit kloster og eit fyr her. Landsbyen Emona ligg like i nærleiken.