Emisjonståke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Emisjonståker er eit breitt omgrep som femner om gasståker som er synlege ved at dei sjølve sender ut lys. Planetariske tåker, H II-regionar og supernovarestar høyrer inn under omgrepet. [1]

I H II-regionar er det den sterke ultrafiolette strålinga som ioniserer atoma i tåka og får dei til å senda ut lys når elektrona bli fanga inn att. Noko liknande skjer i planetariske tåker; berre at det her er den sentrale kvite dvergen som sender ut strålinga.[1]

I supernovarestar kjem energien først frå den radioaktive nedbrytinga av nikkel og kobolt til jern. Seinare kjem han frå den kinetiske energien til materien i supernovaresten som i starten fer utover med snøggleikar på opp til 20 000 km/s. I supernovarestar som Krabbetåka kan tåka òg få energi frå den sentrale pulsaren i form av elektron med høg energi og senda ut lys gjennom synkrotronstråling.[1]

Mørke tåker og refleksjonståker høyrer ikkje inn under omgrepet sjølv om dei sender ut mikro- og radiobølgjestråling.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Artikkelen «emission nebula» i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.