Emissivitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Emissivitet eller strålingsevne er tilhøvet mellom den energien som blir sendt ut frå ein lekam i form av elektromagnetisk stråling (varme- og lysstråling) og den energien ein svart lekam ved same temperatur ville ha sendt ut. Emissivitet har symbolet e.

Ein perfekt absorbator har emissivitet e = 1, og vil sjå ut som ein svart lekam. Huda til mennesket har emissivitet for synleg lys mellom e = 0,80 (mørk hud) og e = 0,65 (ljos hud). Ein skil mellom total emissivitet, som omfattar heile spektret, og spektral emissivitet, som syner til emissiviteten ved ei særskild bølgjelengd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]