Emma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den japanske guden Emma, sjå Yama

Emma er eit tysk kvinnenamn avleidd av namn som byrjar på Erm(en)- og Irm(en)-. Dette germanske ordet kan tyda noko slikt som 'stor', 'mektig', 'heil' eller 'altomfattande'. Namnet er òg kjend med skrivemåtane Ema, Hemma og Imma. Det har kortformer som Em, Emmi, Emmy, Emelka og Emja.

Namnet er særleg kjent frå den heilage Emma, ei tysk kvinne som levde på 1000-talet og Emma av Normandie, engelsk dronning og mor til Edvard Vedkjennaren. Det er òg tittelen og namnet på hovudpersonen i ein roman av Jane Austen som er blitt filmatisert fleire gonger.

Emma har namnedag den 23. januar i Noreg, 23. juli i Sverige og 19. april i Danmark.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Etter ein topp på 1 % av namneberarane rundt 1900 gjekk bruken av namnet i Noreg jamt ned mot 1940, og var omtrent ute av bruk den neste generasjonen. Frå og med 1985 opplevde namnet ein eksplosiv vekst, og blir i dag brukt av 3 % av alle namneberarar.

Emma var det namnet som blei gjeve til flest jenter i Noreg, Sverige og Canada både i 2003, 2004 og 2005. Det hadde ein liknande popularitet i ei rekke andre land:

Oversyn over kva plassering på namnebruksstatistikken
«Emma» hadde i ulike land i 2000-åra.
Land 2005 2004 2003 2002 2001 2000
Australia[1] 10 10
Belgia[2] 1 1 1 3 4 4
Canada[1] 1 1 1
Danmark[3] 4 2 1 2 1 5
England og Wales[1] 22 18 18 27 18 17
Frankrike[1] 2 3 3 5 5
Irland[4][1] 1 1 4
New Zealand[5] 1  ? 1 4 3 7
Skottland[1] 2 1 1 3 4 4
Sverige[1] 1 1 1 2 2
USA[1] 2 2 2 4 13 17

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Oppdikta personar[endre | endre wikiteksten]

  • Emma, kona til figuren «Oluf»
  • Emma Woodhouse, hovudpersonen i romanen Emma av Jane Austen
  • Emma Bovary, hovudpersonen i romanen Madame Bovary av Gustave Flaubert

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]