Emmaboda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°37′00″N 15°33′00″E

Emmaboda jarnbanestasjon

Emmaboda er ein svensk tettstad og centralort i Emmaboda kommun i Kalmar län i landskapet Småland. I 2005 hadde byen 4 968 innbyggjarar. Emmaboda ligg midt i triangelet Växjö, Kalmar og Karlskrona og derfor deler Kust till kustbanan seg i Emmaboda, ein del går til Kalmar og den andre til Karlskrona.

Fram til 1875 heitte staden Gantesbo og det var berre to hus der. Emmaboda har to større føretak, ITT Flygt som produserer pumper og Emmaboda Glasverk. Forfattaren Vilhelm Moberg blei fødd i Emmaboda og nemner ofte staden i bøkene sine. Emmabodafestivalen har blitt arrangert kvar sommar sidan 1990.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Emmaboda