Emu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emu
Emu Foto: J. Folmer
Emu
Foto: J. Folmer
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av emu
Utbreiinga av emu
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Infraklasse: Palaeognathae
Orden: Casuariiformes
Familie: Casuariidae
Slekt: Dromaius
Art: Emu D. novaehollandiae
Vitskapleg namn
Dromaius novaehollandiae

Emu, Dromaius novaehollandiae, er den største fuglen på det australske kontinentet, og den einaste nolevande medlemmen i den biologiske slekta Dromaius. Dette er òg den nest største fuglen i verda rekna etter høgd, etter den største representanten av strutsefuglar, struts. Trass mykje lik utsjånad har ikkje struts og emu nært skyldskap, likskapen er eit resultat av konvergerande evolusjon.

Emuar finst framleis over det meste av Fastlands-Australia, men dei unngår tett folkesette område, tett skog og tørre område.[1] Tidlegare var emu vanleg på austkysten, men er i dag meir sjeldan der. På den andre sida har utviklinga av landbruket og forsyning av vatn til delar av det indre av kontinentet auka rekkjevidda av emu i tørre regionar. Emuar vert heldt i fangenskap for produksjon av kjøtt, olje og lêr.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Emu-egg

Emuar er særs store fuglar. Dei største kan bli opptil 150 til 190 centimeter i høgd, 1 til 1,3 meter i skulderhøgd. Vaksne emuar veg mellom 18 og 48 kilogram.[1] [2] [3] Kjønna er likeins av utsjånad. Den totale populasjonen er rekna til mellom 625 000 til 725 000 individ.

Emuar manglar evne til flyging, men nyttar føtene til raske, langvarige energisparande trav og, om naudsynt, kan dei sprinte i opp mot 50 km/t over ein distanse.[1] Dei er opportunistisk nomadiske og kan vandre over store avstandar for å finne mat, opp til 70 000 fuglar kan migrere saman til meir næringsrike område. Ei rekkje ulike plante og insektartar utgjer kosthaldet, ei tilpassing til miljøet er deira evner til å skape store feittreservar.

Dei har rudimentære venger, berre ca. 20 cm, ein lang hals og lange bein. Høgt spesialiserte bekkenmusklar gjer dei i stand til å komme opp i høg fart, 48 km/t.[1] Føtene har berre tre, framoverretta tær og ei tilsvarande redusert mengd knoklar og tilhøyrande lemmusklar, dette er einaste fuglane med gastrocnemius-musklar i baksida av leggen. Bekkenmusklar for emuar gjev liknande bidrag til den totale kroppsmassen som flygemusklane for flygande fuglar.[4] Emuar har eit mjukt nebb, tilpassa beiting.[1]

Halsen syner blåleg farge og viser berre sparsame fjører.[1] Dei har brun til gråbrun fjørdrakt av lòden utsjånad; fjørskaft og fjørspissar er svarte. Solstrålinga blir absorbert av fjørtippane, og den luftfylte indre fjørdrakta isolerer huda[5] slik at fuglen òg kan vere aktiv på det varmaste av dagen. Ein unik eigenskap for emufjører er forgreining til to delar frå eit fjørskaft.

På særs varme dagar vil emuar oppretthalde kroppstemperaturen med å pese, dei nyttar lungene som fordampingskjølarar, og i motsetnad til hos einskilde andre artar, vil ikkje det resulterande låge nivå av karbondioksid i blodet gje årsak til alkalose.[6] For normal pust i kjøligare vêr, har dei store, fleirdelte nasegangar. Kaldlufta blir varma opp når ho passerer innover, lufta trekkjer ut varme frå naseregionen. På utpust vil råmen kondenserast ut av lufta og absorberast for gjenbruk.[7]

Lydytringane deira består av høgt rungande, trommande og gryntande lydar som kan høyrast opp til 2 kilometer. Den rungande lyden vert gjort av ein oppblåsbar, tynnvegga halssekk på ca. 30 cm.[1][8]

Etymologi, utdøydde slektningar[endre | endre wikiteksten]

Arthur Phillips var den første europear som skildra emuar då han gav ut reiseskildringa Voyage to Botany Bay i 1789.[9]. Det vitskaplege namnet på denne arten blei gjeve av ornitologen John Latham, som skildra ei rekkje australske fuglar for første gong mellom anna med hjelp av boka åt Phillips. Artsnamnet betyr 'rappfota ny-hollendar'.

Likevel kjenner ein ikkje opphavet til fellesnamnet 'emu' på mange språk. Somme trur at ordet 'emu' er avleidd frå eit arabisk ord for 'store fuglar'. Portugisiske oppdagarar har opphavleg kalla kasuararNy-Guinea for emu. Seinare blei namnet overført til emuar på Australia.

Etter den europeiske koloniseringa av Australia frå 1788, vart utbreiing av underartar og medlemmer av familien påverka av menneskelege aktivitetar. Underarten D. n. diemenensis vart sist observert på Tasmania ca. 1865 og arten Dromaius ater ca. 1850.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Davies, S.J.J.F. (2003). «Emus». I Hutchins, Michael. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins (2 utg.). Farmington Hills, MI: Gale Group. s. 83–87. ISBN 0 7876 5784 0. 
  2. «ADW: Dromaius novaehollandiae: Information». Animaldiversity.ummz.umich.edu. Henta 3. november 2008. 
  3. «Commercial Emu and Ostrich rearing». Poulvet.com. Henta 3. november 2008. 
  4. Patak, A. E. and Baldwin, J. 1998 Pelvic limb musculature in the Emu Dromaius novaehollandiae (Aves : Struthioniformes: Dromaiidae): Adaptations to high-speed running. Journal of Morphology 238:23–37 PMID 9768501
  5. Maloney, S. K. and Dawson, T. J. 1995. The heat load from solar radiation on a large, diurnally active bird, the Emu (Dromaius novaehollandiae). Journal of Thermal Biology 20:381–87
  6. Maloney, S.K. and Dawson, T.J. 1994. Thermoregulation in a large bird, the Emu (Dromaius novaehollandiae). Comparative Biochemistry and Physiology. B, Biochemical Systemic and Environmental Physiology. 164:464–72
  7. Maloney, S.K. and Dawson, T.J. 1998. Ventilatory accommodation of oxygen demand and respiratory water loss in a large bird, the Emu (Dromaius novaehollandiae), and a re-examination of ventilatory allometry for birds. Physiological Zoology 71:712–19
  8. Australian Museum. 2001. Emu Dromaius novaehollandiae
  9. J. Gould, Handbook to the birds of Australia, Band 2, 1865, reproduksjon frå 1972

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Emu