Enaresjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Enare sjø)
Enaresjøen
innsjø
Land  Finland
Utløp Pasvikelva
Høgd over havet 117–119 moh.
Lengd 80 km
Breidd 50 km
Areal 1 040 km²
Middeldjupn 15 m
Største djupn 92 m
Volum 15,9 km³
Kystlengd1 3 308 km
Koordinatar 69°00′N 28°00′E
Øyar 3 318 (Hautuumaasaari, Ukonkivi)
Kart
Enare träsk
68°57′35″N 27°36′06″E / 68.9596511°N 27.6017069°E / 68.9596511; 27.6017069
Wikimedia Commons: Lake Inari
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Enaresjøen er den tredje største innsjøen i Finland, og den sjette største i Europa. Han ligg i den nordlege delen av Lappland, nord for Polarsirkelen. Innsjøen ligg 117-119 meter over havnivå, og vert regulert av kraftverket Kaitakoski i Russland. Innsjøen er vanlegvis islagd frå november til tidleg i juni.

Ein båt ved Enare

Dei mest kjende øyane i innsjøen er Hautuumaasaari (Kyrkjegardøya) og Ukonkivi, ein historisk offerstad for folk i tidlegare tider. Det er over 3 000 øyar i innsjøen. Av fisk finn ein aure, laks, åbor og gjedde.

Enaresjøen dekkjer eit areal på 1 040 kvadratkilometer. Han har utsig i nord ved elva Pasvikelva, som munnar ut i Varangerfjorden og Barentshavet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]