Encoding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Encoding er engelsk og tyder omkoding, men vert i dataspråk ofte avstytt til berre koding.

[endre] Samanheng

Oftast støyter ein på encoding i dataprogram for dagleg bruk av Internett, so som program for bruk av e-post og verdsveven — altso program for lesing og skriving av tekster som skal lagrast elder sendast på eller med Internet.

[endre] Tyding

Grunntydingi av encoding er det å skapa om eit signal til ei form som er veleigna for framsending eller lagring av signalet. Altso, når noko ikkje kan skrivast radt ut, triv ein til omkoding. Det finst mange slag encoding for ulike føremål. Men når t.d. ei tekst på verdsveven, skal lesast inn i eit leseprogram, er det viktig å kjenna til kva omkoding(ar) teksti nyttar, slik at programmet kan tolka teksti attende til eit menneskjeleseleg skap og på ein rett måte.

[endre] Døme

Det å skriva å i staden for å, er eit slag encoding. Til dømes dersom eit vevsideprogram berre kan lagra teikn frå ASCII-teiknsettet, lyt t.d. æøå kodast om med hjelp av HTML-einingar eller med hjelp av numeriske teiknstilvisingar (numerical character references) frå ASCII-teiknsettet. Sideomkodingi verkar altso inn på kva slag teikn som i vedkomande sida kan skrivast radt ut og kva som lyt omkodast. Dette er av di kvar encoding tek utgangspunkt i eit serskild sett av teikn. Det som ligg utanom teiknsettet, lyt kodast om.

Eit anna døme er når ein kode til bruk ved umkoding av tekst sjølv skal umtalast og gjerast synleg, t.d. i handbøker um koding/uppset (oppset) av vevsidor. Atter kann me sjå på å, som er ein kode dei kallar HTML-eining (HTML entity). Sidan å vert lese som å i vevlesingsprogrammet, lyt ein i sidekoden skriva um koden til å.

Side- elder meldingsumkodingi er gjerne den kodingi dei fleste tenkjer på når dei ser ordi encoding elder koding. I program for Macintosh er det i Vis-menyen ein som oftast finn menyvalet for encoding/koding/umkoding. Når t.d. æøå i det stykket ein les ikkje visest elder ser merklege ut i (gjerne for di stykket vantar umkodingsupplysing), kann ein oftast hjelpa programmet til rett tolking ved sjølv å velja ut den umkodingi som stykket hev frå vedkomande menyval.

Men encoding hev eit vidare bruk en me gjerne tenkjer på i norsk. Text encoding t.d., kann tyda det å gjera i stand ei tekst for komputerlesing med hjelp av merkjespråk (markeringspråk, markup languages). På norsk kann me kalla dette for koding av tekster, t.d. koding av vevsidor (vevsider), utan at me dreg nokon lenk til encoding/umkoding av den grunn.

Endelegt hev encoding òg tydingar som ligg utanfor det datavitskaplege feltet, t.d. i det som vert kalla semantics encoding.

Som ein kann sjå, liknar encoding litt på encryptionkryptering, men skil seg frå dette ved at ei umkoding ikkje er naudsynt med nokon nykel for avlesing av koden.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk