Encomienda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Encomienda-systemet» var eit verjemålsystem under den spanske koloniseringa av Amerika, sette i verk av dronning Isabella av Castilla i 1493 for å gje tryggleik for dei innfødde og indoktrinere dei i katolsk tru. «Encomienda» vart ein av dei mest øydeleggande institusjonane som vart sett i verk i «den nye verda». Systemet fekk ei avgjerande rolle for undertrykkinga og utnyttinga av dei innfødde amerikanarane, sjølv om det ikkje var gjort med overlegg frå krona si side. I dag er historia og kulturen i Latin-Amerika djupt forankra i «encomienda».

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Orda encomienda (verna) og encomendero (agent) kjem av det spanske verbet encomendar, å tiltru. «Encomienda» har òg vorte kalla «repartimiendo-systemet», som tyder fordelingssystemet.

Føremålet og skipinga[endre | endre wikiteksten]

Det skal ha vore Christofer Columbus sjølv som starta med å praktisere «encomienda». Columbus var ein mann av handelstradisjonar. Når han ikkje fann velorganiserte politiske einingar å handle med i det han trudde var India, måtte han skipe einingane sjølv.

Skipinga av «encomiendas» gjekk føre seg på den måten at dei «encomenderos» som hadde løyve frå krona, fordelte dei innfødde mellom seg, ofte etter geografisk avgrensing. Ei slik gruppe innfødde blei då ei eining, eller ei «encomienda» som ein «encomendero» skulle verne om og kristne. Dei innfødde skulle halde fram med å eige jorda si, men måtte betale for vernet med pliktarbeid til «encomendero». Avtalen kunne gjelde for to eller tre år. Det var ikkje snakk om slavearbeid, tvert imot så hadde krona sett forbod mot å bruke innfødde som slavar. Om det ikkje var snakk om slaveri i offisielle termar var byttehandelen mellom dei innfødde og «encomendero» prega av urett; dei innfødde «mottok» eit nytt livssyn dei ikkje hadde bede om i bytte mot tryggleik for overgrep frå andre conquistadorar og mot å utføre eit umenneskeleg arbeid.

Eit hovudføremål for Castilla og seinare Spania med å vere i (Vest-)India var å få inn gull. Etter kvart tyda ofte pliktarbeid det same som gruvearbeid, men pliktarbeid kunne òg vere jordarbeid på den jorda som «encomendero» åtte.

Konsekvensen[endre | endre wikiteksten]

På Hispanola registrerte ein snart at den innfødde folkesetnaden døyde ut. For i røynda blei dei innfødde skånsellaus utnytta av «los encomenderos». Conquistadorane utnytta makta si som landeigarar til å ta råderett over meir land frå dei innfødde, auke skattane og til sist tvinge dei over i slaveri. Systemet spreidde seg snøgt. Det vart slik at når nye spanske arbeidarar kom til «den nye verda», skaffa dei seg rett til å verte «encomendero» i staden for å arbeide sjølv.

Avskipinga[endre | endre wikiteksten]

«Indianaranes apostel», dominikanarpresten Bartolomé de Las Casas, fordømde framferda åt dei spanske conquistadorane og fekk i gang eit moralfilosofisk ordskifte i Spania som ende med «dei nye lova» frå 1542. Tilbakeslaget i systemet byrja då den første visekonge av Peru, Blasco Núñez Vela, prøvde å tvinge i gjennom «dei nye lova». Mange «encomenderos» var uvillige til å rette seg etter «dei nye lova» og dei gjorde opprør mot Vela.

I heile Karibia visna «encomienda-systemet» bort av seg sjølv alt etter ein generasjon grunna fall i folkesetnaden. Det er derimot usemje om i kva grad «dei nye lova» avskipa «encomienda-systemet» i andre spanske koloniar i Amerika, av di somme peiker på at dei meir formaliserte «encomienda-systemet» enn dei sette det ut av kraft. Styresmakta klarte aldri å tvinge «los encomenderos» til å respektere «dei nye lova» i full monn. Mange hevdar likevel at «encomienda» vart avskaffa i siste halvleik av 1500-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]