End of the World av Aphrodite's Child

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
End of the World
Studioalbum av Aphrodite's Child
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1968
Sjanger Progressiv rock/kunstrock
Lengd 34:43
Selskap Philips Records
Aphrodite's Child-kronologi 
End of the World It's Five O'Clock
(1969)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

End of the World er debutalbumet til det greske progrockbandet Aphrodite's Child frå oktober 1968.

Albumet inneheld den første singelen deira, «Rain and Tears», som kom ut i mai 1968 og vart ein stor hit i Europa. Då singelen vart ein stor suksess, valde bandet å spele inn eit heilt album i Paris. Andre singlar frå albumet var «End of the World» med «You're Always in My Way» som B-side og «Valley of Sadness» med «Funky Mary» som B-side. Sistnemnde vart først gjeven ut i Frankrike, men trekt attende, og vart til slutt berre gjeve ut i Portugal. Songane på disse singlane finst alle på albumet.

I følgje Allmusic-skribent Richie Unterberger gjev bruken av Mellotron albumet ei kjensle av tidleg psykedelisk Moody Blues, og det same gjer den lette bruken av klassisk musikk i melodiane. Unterberger samanliknar albumet med britiske band på denne tida, og meinte at dei stod ikkje noko tilbake for desse, men med Middelhavspåverknaden vert melodiane og songane meir tydeleg romantiske enn noko britisk eller amerikansk psykedelisk band ville ha tenkt på som passande. Unterberger meiner at denne «episke melkanolske stordommen» gjer at Aphrodite's Child til ein viss grad skil seg ut og at bruken deira av psykedeliske effektar er ganske nyskapande, særleg på avlsutninga av «Day of the Fool».[1]

Albumet kom ut på ny i 2010 i Storbritannia på Esoteric med to bonusspor frå den europeiske singelen «Plastics Nevermore»/«The Other People», som er meir poporienterte enn det meste av albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Boris Bergman og Vangelis Papathanassiou, utanom der andre er nemnde.

Side 1
Nr.TittelLengd
1.«End of the World»3:11
2.«Don't Try to Catch a River»3:37
3.«Mister Thomas»2:47
4.«Rain and Tears» (Johann Pachelbel, Boris Bergman, Vangelis Papathanassiou)3:12
5.«The Grass Is No Green»5:59
Side 2
Nr.TittelLengd
6.«Valley of Sadness»3:11
7.«You Always Stand in My Way»3:53
8.«The Shepherd and the Moon»3:00
9.«Day of the Fool»5:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]