Endemiske fuglar på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Representant for dei kjente stadeigne kiviane på New Zealand: Nordbrunkivi
Foto: Maungatautari Ecological Island Trust

Av om lag 365 registrerte fugleartar[1]New Zealand er 73 endemiske artar,[2] inkludert 12 artar som berre er endemiske som hekkande artar (hekkeendem). Ein slik art hekkar på ein særskilt og avgrensa lokalitet, men rører seg elles over eit ikkje-avgrensa område, typisk for nokre artar av stormfuglar. Karakterisktisk for fuglefaunaen i landet er at det er få attlevande landartar, ca. 97,[3] og det er berre 44 artar av sporvefuglar, 32 om ein tar bort talet på introduserte artar i historisk tid.

Utvikling av endemisme på New Zealand[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av moaørn som jagar moaer, særs store endemiske fuglar som endå levde då mennesket kom til landet.
Illustrasjon av John Megahan

Det store innslaget av endemisme i landet er utprega både i faunaen og i floraen, til dømes er 20 av 21 biologiske slekter av steinfluger endemiske[4] og rundt 76 % av karplantane (plantar utanom mosar) er endemiske, alle reptilar og amfibium er endemiske.[5]

New Zealand blei isolert frå resten av dagens kontinent for meir enn 80 millionar år sidan under oppløysinga av Gondwana.[6] Om artsmangfaldet på New Zealand i utgangspunktet var eit utval av artar i Australia, har New Zealand og Australia seinare gjennomgått ulike omformingar i økosystema grunna klimatiske og geologiske omskiftingar slik at økosystema utvikla seg på ulike måtar. Den lange isolasjonen førte med seg at plantar og dyr utvikla seg på New Zealand utan monaleg konkurranse frå artar frå dei andre kontinenta, og det har medverka til at både plante og dyreliv var sårbart då introduserte artar kom med mennesket for meir enn 700[7] år sidan. I dag har nær 90 av dei 365 fugleartane i landet status som sårbare eller truga, og berre ca. 22 artar av dei 73 endemiske er livskraftige.[2]

Oversyn endemiske familiar og artar[endre | endre wikiteksten]

Det finst fem fuglefamiliar med nolevande artar der heile familietaksonet er endemisk til New Zealand, og desse er

Moaer, Dinornithidae, var òg endemiske til New Zealand, men alle artane blei utrydda i historisk tid. Det er nyleg komme framlegg om endring i den taksonomiske plasseringa av den biologiske slekta Mohoua slik at dei kan utgjere ein ny endemisk familie Mohouidae.[8]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Artslista under tar med nolevande artar. Gråklatresmett, Xenicus longipes, er med jamvel om arten er rekna som sannsynleg utrydda. Utvalet i lista er elles etter New Zealand bird checklist - Avibase, rekkjefølgja er etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[9] og norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[10]

Orden Struthioniformes - Strutsefuglar
  • Sørbrunkivi, Apteryx australis, Southern Brown Kiwi, sårbar
  • Okaritokivi, Apteryx rowi, Okarito Brown Kiwi, kritisk truga
  • Nordbrunkivi, Apteryx mantelli, North Island Brown Kiwi, sterkt truga
  • Dvergkivi, Apteryx owenii, Little Spotted Kiwi, nær truga
  • Flekkivi, Apteryx haastii, Great Spotted Kiwi, sårbar
Orden Anseriformes - Andefuglar
  • Familie Anatidae - Svaner, gjæser og ender
  • Maorirustand, Tadorna variegata, Paradise Shelduck,
  • Kaskadeand, Hymenolaimus malacorhynchos, Blue Duck, sterkt truga
  • Bronseand, Anas aucklandica, Auckland Islands Teal, sårbar
  • Campbelland, Anas nesiotis, Campbell Islands Teal, sterkt truga
  • Koparand, Anas chlorotis, Brown Teal, sterkt truga
  • Maoridukkand, Aythya novaeseelandiae, New Zealand Scaup,
Orden Podicipediformes - Dukkarar
  • Maoridukkar, Poliocephalus rufopectus, New Zealand Grebe, sårbar
Orden Sphenisciformes - Pingvinar
  • Gulaugepingvin, Megadyptes antipodes, Yellow-eyed Penguin, sterkt truga
  • Skogpingvin, Eudyptes pachyrhynchus, Fiordland Penguin, hekkeendem
Orden Procellariiformes - Stormfuglar
Orden Suliformes - Suler, skarvar og fregattfuglar*
  • Vorteskarv, Phalacrocorax carunculatus, Rough-faced Shag, sårbar
  • Bronseskarv, Phalacrocorax chalconotus, Bronze Shag, sårbar
  • Chathamskarv, Phalacrocorax onslowi, Chatham Islands Shag, kritisk truga
  • Aucklandskarv, Phalacrocorax colensoi, Auckland Islands Shag, sårbar
  • Campbellskarv, Phalacrocorax campbelli, Campbell Islands Shag, sårbar
  • Bountyskarv, Phalacrocorax ranfurlyi, Bounty Islands Shag, sårbar
  • Kvithalsflekkskarv, Phalacrocorax punctatus, Spotted Shag,
  • Svarthalsflekkskarv, Phalacrocorax featherstoni, Pitt Island Shag, sterkt truga
Orden Falconiformes - Falkar
  • Maorifalk, Falco novaeseelandiae, New Zealand Falcon, nær truga
Orden Gruiformes - Tranefuglar
  • Wekarikse, Gallirallus australis, Weka, sårbar
  • Aucklandrikse, Lewinia muelleri, Auckland Islands Rail, sårbar
  • Takahe, Porphyrio mantelli, Takahe, sterkt truga
Orden Charadriiformes - Vade-, måse- og alkefuglar
  • Rustbuklo, Charadrius obscurus, Red-breasted Dotterel, sterkt truga
  • Fjærelo, Thinornis novaeseelandiae, Shore Plover, sterkt truga
  • Skeivnebblo, Anarhynchus frontalis, Wrybill, sårbar
  • Nyzealandtjeld, Haematopus finschi, South Island Oystercatcher,
  • Chathamtjeld, Haematopus chathamensis, Chatham Oystercatcher, sterkt truga
  • Todrakttjeld, Haematopus unicolor, Variable Oystercatcher,
  • Maorimåse, Chroicocephalus bulleri, Black-billed Gull, sterkt truga
  • Nyzealandmåse, Chroicocephalus scopulinus, Red-billed Gull,
  • Maoriterne, Chlidonias albostriatus, Black-fronted Tern, sterkt truga
Orden Columbiformes - Duefuglar
Orden Psittaciformes - Papegøyefuglar
  • Kea, Nestor notabilis, Kea, sårbar
  • Kaka, Nestor meridionalis, New Zealand Kaka, sterkt truga
  • Kakapo, Strigops habroptila, Kakapo, kritisk truga
Orden Cuculiformes - Gaukefuglar
  • Langhalekoel, Eudynamys taitensis, Long-tailed Koel, hekkeendem
Orden Passeriformes - Sporvefuglar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar og fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. LePage New Zealand bird checklist listar 369 artar, men eit fåtal av desse er utdøydde i seinare tid
  2. 2,0 2,1 Status i LePage New Zealand bird checklist
  3. McDowall, s 4
  4. Ian McLellan (8. mars 2006). «Endemism and Biogeography ff New Zealand Plecoptera (insecta)». Illiesia. 
  5. Mairi Jay, 1999
  6. «Break-up of Gondwana – Evolution of plants and animals – Te Ara Encyclopedia of New Zealand». http://www.teara.govt.nz/en/interactive/12410/break-up-of-gondwana. Henta 2013-10-20. 
  7. Wilmshurst, J. M.; Anderson, A. J.; Higham, T. F. G.; Worthy, T. H. (2008). «Dating the late prehistoric dispersal of Polynesians to New Zealand using the commensal Pacific rat». Proceedings of the National Academy of Sciences 105 (22): 7676. Bibcode 2008PNAS..105.7676W. doi:10.1073/pnas.0801507105. 
  8. «Phylogenetic relationships of the genus Mohoua, endemic hosts of New Zealand’s obligate brood parasitic Long-tailed Cuckoo (Eudynamys taitensis) - Springer». http://link.springer.com/article/10.1007%2Fs10336-013-0978-8. Henta 2013-10-20. 
  9. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012 
  10. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  11. Maoristormsvala er ikkje lista i Avibase, men er del av Clementslista versjon 6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]