Endogen i økonomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Endogen betyr som oppstår innanfrå. I økonomiske modellar er endogene variablar talverdiar som blir bestemt i modellen, på bakgrunn av dei eksogene variablane som er putta inn i modellen.

Ein økonomisk modell kan ikkje ha fleire endogene variablar enn det er likningar. Dersom det er fleire likningar enn det er endogene variablar, vil modellen (unnateke i særtilfelle) gi sjølvmotseiingar. Hovudregelen er derfor: Like mange likningar som endogene variablar (jfr. at ein må ha to likningar for å bestemme to ukjende; X og Y). Denne regelen gjeld ikkje utan unnatak. Til dømes vil ein måtte ha ein endogen variabel i likningssettet som består av x + 2y = 6 og 2x + 4y = 12, sidan likningane er lineært avhengige.

Eit døme på ein modell med mange endogene variablar, er ISLM-modellen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]