Engadin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innsjøane i øvre Engadin og byen St. Moritz

Engadin eller Engadine (tysk: Engadin, italiensk: Engadina, retoromansk: Engiadina; tyder «Inn-hagen») er ein lang dal i Dei sveitsiske Alpane i kantonen Graubünden søraust i Sveits. Elva Inn renn gjennom dalen frå kjelda si ved Malojapasset og går nordaustover til ho renn inn i Austerrike hundre kilometer lenger nede. Engadin er omringa av høge fjell på alle sider og er kjend for det solrike klimaet, det vakre landskapet og fritidsaktivitetane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dei høgaste toppane i dei austlege Alpane er i Berninafjella.

Engadindalen ligg sentralt i Alpane og utgjer den øvre delen av den 300 km lange Inndalen. Frå Malojapasset (1815 moh) til grensa til Tirol (1 000 m) nord for Vinadi strekkjer dalen seg 100 km, og alltid over 1 000 moh. Dei høgaste fjella ved dalen er Berninafjella i den øvre delen.

Engadin er delt inn i to delar:

  1. Øvre Engadin frå Maloja til Zernez, der dalen er merkverdig rett og brei, og opp til S-chanf, forholdsvis flat.
  2. Nedre Engadin frå Zernez til grensa til Austerrike, der Inn fell raskare og meir buktete.

Øvre Engadin[endre | endre wikiteksten]

Øvre Engadin byrjar ved Malojapasset med ei rekkje innsjøar som går frå nordaust til sørvest: Lej da Segl (Sils-sjøen), kjend for brettsegling, Lej da Silvaplauna (Silvaplanasjøen), og Lej da San Murezzan (St. Moritz-sjøen). I sørvestenden av dalen, fell Malojapasset bratt ned til Chiavenna i Italia gjennom Val Bregaglia, og så til Como. Ved Lunghinpasset, oppfor Maloja, ligg det kjende triple vasskiljet i Vest-Europa, der Inn renn ut i Donau til Svartehavet, Mera renn via Po til Middelhavet og Julia via Rhinen til Nordsjøen.

St. Moritz (1800 moh) ligg ved Lej da San Murezzan. Han var vertsby for vinter-OL 1928 og vinter-OL 1948. Det ligg fleire vintersportstader i området kring Piz Corvatsch og Piz Nair.

Val Roseg, sør for Pontresina
Øvre Engadindalen frå Muottas Muragl.

Nordaust for St. Moritz ligg landsbyen Samedan, som er hovudstad for Øvre Engadin. Nær Samedan, munnar Flaz ut i Inn og dalen opnar opp til ei brei eng med høge fjell kring. Flaz er ei stor elv som renn ned dalen frå Berninapasset (2323 moh). Det høgaste fjellet i Engadin – og i Dei austlege Alpane – er Piz Bernina, som er 4049 moh og ligg like i nærleiken.

Nedanfor Samedan ligg fleire landsbyar langs Inn. Den best bevarte er kanskje Zuoz (1720 m), som har hus som er typiske for Engadin med store tjukke, stein- og murveggar.

I Øvre Engadin går det tog frå Samedan som via Albula-tunnelen når resten av Sveits. Om sommaren er det òg mogeleg å køyre med bil over Albulapasset. Julierpasset, oppfor St. Moritz går frå Engadin til resten av Graubünden.

Like nedanfor Zuoz ligg landsbyen S-chanf, som er enden på den store flate enga kring Inn. Kvart år vert langrennsløpet Engadin skimaraton halden her frå Maloja, og kryssar isdekte innsjøar og dei opne engene, før det endar i S-chanf. 11 000 til 13 000 løparar deltar kvart år.

Nedanfor S-chanf endrar brått landskapet seg. Inn vert no raskare og renn gjennom ei djup kløft med bratte veggar, medan enga glir over i lerkeskog. Ved Zernez, opnar dalen seg igjen eit lite stykke. I Zernez (1470 moh) går Fuornpasset sørover, og passerer gjennom Sveits nasjonalpark.

Nedre Engadin[endre | endre wikiteksten]

Tarasp slott, Nedre Engadin

Like oppfor Zernez, ved Punt Ota, startar Nedre Engadin. Her ligg ikkje lenger landsbyane i dalbotnen, men høgare opp i dei solrike terrassane danna under istida.

I nord går ei anna togrute frå Nedre Engadin til Klosters via den nyleg bygde Vereinatunnelen. Hovudstaden i Nedre Engadin er vintersportstaden Scuol (1200 moh).

Innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Innsjø Areal Høgd
Silsersee 4,1 km² 1797 m
Silvaplanasjøen 2,7 km² 1791 m
Champfèrsjøen
St. Moritzsjøen 0,78 km² 1768 m

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°32′59″N 9°53′45″E