Engavågen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Engavågen
Geografi
Kommune Meløy
Fylke Nordland
Annan informasjon
Ferdselsårer Fv452
Postnummer 8170 ENGAVÅGEN
Preposisjon Engavågen
Kart
Engavågen (Nordland)
Engavågen
Engavågen
66°46′42″N 13°31′52″EKoordinatar: 66°46′42″N 13°31′52″E

Engavågen er ei bygd i den sørlege delen av Meløy kommune. Innbyggjartalet var i 2008 på 898 ifylgje Meløy kommune sine nettsider, men det verkelege talet er ikkje så høgt. Det kjem av at mange som bur i grendene og øyene utanfor bygda har likevel Engavågen som postadresse. Difor inneber dette innbyggjartalet m.a. alle som bur på både Grønøy, Åmøy, i Vassdalsvik, på Vall og i Kjeldal, og ikkje berre Engavågen.

Fasilitetar [endre]

Engavågen har både eigen butikk, eigen musikk- og dataforretning samt barne- og ungdomsskulen Enga Skole. Hit kjem elevar frå heile Søndre Meløy. På Engavågen ligg også ein av kyrkjebygningane til Meløy Søndre Frikirke, Osa Frikirke. Engavågen har ikkje noko statskyrkjebygg.

Det kjende rehabiliteringssenteret Nordtun ligg også på Engavågen.


Kjelder [endre]