Engels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den tyske filosofen, sjå Friedrich Engels.
Engels
Энгельс
Horisonten til Engels
Horisonten til Engels
Flagget til Engels Byåpenet til Engels
Flagget til Engels Byvåpenet til Engels


Plassering
Engels is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Saratov oblast
Grunnlagd 1747
Borgarmeister Sergej Jevgenjevitsj Gorevskij
Geografi
Flatevidd
 - By

108 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

200 800
  1 859,3 /km²
Koordinatar 51°29′0″N 46°07′0″EKoordinatar: 51°29′0″N 46°07′0″E
Høgd over havet 20 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 413100–413138
Retningsnummer (tlf) (+7)8453
Nettstad: www.engels-city.ru

Engels (russisk Э́нгельс) er ein by i Saratov oblast i Russland. Byen er ein hamneby ved elva Volga, og ligg vis-a-vis Saratov som har hatt brusamband med kvarandre sidan 1965. Byen har om lag 200 000 innbyggjarar.

Byen vart grunnlagt i 1747 som Pokrovskaja sloboda (russisk: Покровская слобода). Han fekk bystatus og nytt namn, Pokrovsk (russisk: Покровск), i 1914. Det tyske namnet var Kosakenstadt. Han vart i 1924 hovudstad i den Volga-tyske autonome sosialistiske sovjetrepublikken, som no er ein del av Saratov oblast. Det noverande namnet Engels fekk han i 1931, kalla opp etter Friedrich Engels.

Brua frå Saratov til Engels

Byen vart grunnlagt av ukrainske nybyggjarar, og vart busett av tyskarar under regjeringstida til Katarina den store.

Byen er tilhaldsstad for Engels-1, den største og mest aktive strategiske bombeflybasen i Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]