Engelsk litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Heere begynneth the knyghtes tale». Side frå Ellesmere-manuskriptversjonen av Geoffrey Chaucer sitt verk Canterbury Tales.

Engelsk litteratur kan visa til all engelskspråkleg litteratur, men kan i snevrare forstand visa til litteratur skrive i eller rundt England på moderne engelsk, mellomengelsk eller gammalengelsk. Litteraturen har gått gjennom ei rekkje språklege og stilistiske endringar med innspel frå fleire andre tradisjonar, frå gammalengelsk dikting med bokstavrim og fornyrdislag til mellomengelske riddarromanar etter fransk/normannisk tradisjon til verk frå renessansen, klassisismen og seinare påverka av klassisk gresk og latinsk litteratur. Moderne engelsk litteratur var mellom anna sentral i utviklinga av romansjangeren og av kriminallitteratur.

Sentrale forfattarar innan denne litteraturen er Geoffrey Chaucer, ein av dei første som skreiv litteratur på mellomengelsk; William Shakespeare, verdskjend for skodespel, dikt og ei rekkje språklege nyvinningar, barokkdiktaren John Milton som hadde stor tyding både i samtida og ettertida, nyskapande romanforfattarar som Jane Austen og Charles Dickens. romantiske diktarar som William Wordsworth og John Keats, og frå Det britiske imperiet og den postkoloniale tida betydelege innvandra forfattarar som Rudyard Kipling, Joseph Conrad, Doris Lessing og V.S. Naipaul.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Gammalengelsk (500–1150)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Angelsaksisk litteratur.

fisc flodu ahof on fergenberig
warþ gasric grorn þær he on greut giswom

Desse linjene frå Franks Casket kan vera det eldste bevarte dømet på angelsaksisk alliterativ poesi. Tydinga er omdiskutert, men eit forslag er:
«fisken reiste flaum på andeberget
sorgfull symde sjelekongen mot skredet»
Det første manuskriptarket av diktet Beowulf.

Den gammalengelske (eller angelsaksiske) perioden varte frå ca. år 500 til 1150, men ei tradisjonslinje varte fram mot 1250.

Kandidatar til den eldste bevarte gammalengelske teksten er Cædmons hymne, eit alliterativt dikt på ni linjer til Guds ære, og runeinskriftene Ruthwell Cross og Franks Casket. Sistnemnte blei sannsynlegvis laga i eit nordengelsk kloster ikkje lenge etter at angelsaksarane var blitt kristna, og viser ei sterk interesse for å finne samband mellom den heidne fortida og den kristne bodskapen.[1]

Drømmen om Kristi kors (engelsk «The Dream of the Rood») er eit døme på eit mellomaldersk draumdikt (jamfør det norske Draumkvedet). Det er eit kort religiøst dikt frå rundt år 700 som skildrar krossfestinga av Jesus frå krossen sin synsvinkel.

Den munnlege tradisjonen var særs viktig under den tidlegaste engelske kulturen, og dei fleste litterære verka blei dikta med tanke på munnleg framføring. Episke dikt var omtykte og mange, mellom anna Beowulf, har overlevd til i dag. Språket og litteraturideala i den rike angelsaksiske litteraturen frå denne tida låg ganske nært norrønt.

Den første skrivne litteraturen går tilbake til dei tidlege kristne klostera grunnlagde av Augustin av Canterbury og hans disiplar. Mange av dei angelsaksiske versa som er blitt bevart nedskrivne i seinare manuskript er truleg ei tilpassing av eldre kontinentale kvad eller germanske krigsdikt. Då slike dikt kom til England blei dei overlevert munnleg mellom generasjonane, og den stadige bruken av stavrim (rim på konsonantar) hjelpte angelsaksarane til å hugsa dikta. Slike rim er typiske for germanske språk, mens vokal- eller enderim er typiske for romanske språk.

Mellomengelsk (1150–1500)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Mellomengelsk litteratur.

Whan that Aueryłł wt his shoures soote,
The droghte of Marcħ, hath perced to the roote;

Dei to første linjene i The Canterbury Tales.

I Nevill Coghill si omsetjing til moderne engelsk:

When in April the sweet showers fall
And pierce the drought of March to the root,
Illustrasjon frå ei forkorta utgåve av Brut av Wace. Denne viser korleis Stonehenge blir bygd med Merlin sin hjelp.

Den normanniske invasjonen av England i 1066 førte til at England fekk ein ny fransktalande herskarklasse, og det angelsaksiske folkespråket og det franske hoff- og adelsspråket smelta etterkvart saman til mellomengelsk. Ei av dei viktigaste endringane var at bøyingsendingar fall bort, og dette reduserte i dei fleste tilfella talet på stavingar. Til dømes blei knightes i to stavingar til knights i éi staving. Denne endringa fekk store følgjer for versedikting.

Brut er ein mytisk krønike som skildrar britisk historie frå Britannias skal ha blitt grunnlagd av Brutus av Troja. Ho dekkjer også soga om kong Artur, og er første gong ein nemnar ridderane av det runde bordet i engelsk litteratur. Presten Layamon dikta om mellom anna det anglo-normanniske verket Roman de Brut av Wace til mellomengelsk. Brut er bevart i nesten 200 mellomengelske manuskript, i tillegg til eit dusintals anglo-normanniske og latinske versjonar.

Den første store engelske forfattaren, Geoffrey Chaucer (1340–1400), skreiv på mellomengelsk. Hans mest berømte verk er Canterbury-forteljingane, ei rammeforteljing der rundt 30 pilegrimar på veg frå London til erkebiskop Thomas Becket sin gravstad i Canterbury fortel kvarandre historier. Chaucer var inspirert av den litterære utviklinga andre stader i Europa, særleg i Italia, og Canterbury-forteljingsne står mellom anna i gjeld til Dekameronen, ei liknande samling forteljingar frå reisande. Pilegrimane til Chaucer kjem frå alle lag av folket, noko som viser igjen både i språket og innhaldet i forteljingane.

I den mellomengelske fasen fanst det ikkje dramatikk i seinare shakespearsk forstand, berre religiøse spel i form av Mystery Play (dramatisering av bibelforteljingar), Morality Play (allegoriske framstilling av kampen mellom [[dygd] og synd) og Interlude (høviske vidareutviklingar av Morality Play med humanistisk og politisk innhald). I tillegg kom folkelege festtradisjonar som maskespel, karneval og liknande.

Tidleg moderne tid – renessansen (1500–1649)[endre | endre wikiteksten]

Byrjinga av Ein midtsommarnattsdraum. av Shakespeare i First Folio (1623).

I perioden mellom Canterbury-forteljingane (ca. 1390) og tudortida (1485–1558) endra det engelske språket seg sterkt. Mange ord fekk færre stavingar, det store vokalskiftet fann stad, og betoning og trykk flytta seg. Mellomengelsk blei til moderne engelsk. Store politiske og religiøse endringar fann også stad, noko som kom til syne i den engelske renessanse-litteraturen: Tudorkongane Henrik VII (1485–1509) og Henrik VII (1509–1547) gjennomførte ei vidtgåande maktsentralisering i strid mot høgadelen og kyrkja, og Henrik VIII gjorde seg sjølv til overhovud i den nye anglikanske kyrkja. Sentrale namn i den nye engelske litteraturen under tidleg tudortid er Thomas Wyatt og Henry Howard, grunnleggjarane av den engelske renessansepoesien med sonetter og blankvers.

Under Elisabet I si regjeringstid (1559–1603) opplevde England ei velstandstid som også gav seg uttrykk i ein rik litteratur, den såkalla elisabethanske tidsalderen med William Shakespeare som den viktigaste representanten. Shakespeare var kjend både for sonettar og skodespel, og er gått inn i ettertida som eit av dei største namne i engelsk litteratur. Under Elisabet og etterfølgjaren Jakob I (regjeringstid 1603-1625) blomstra den engelske renessansen også med forfattarar som Francis Bacon, Christopher Marlowe, Edmund Spenser, John Donne og Ben Jonson.

In. the beginning God created the Heauen, and the Earth. And the earth was without forme, and voyd; and darkeneſſe was vpon the face of the deepe: and the Spirit of God mooued vpon the face of the waters. And God ſaid, Let there be light: and there was light. And God ſaw the light, that it was good: and God diuided betweene the light and betweene the darkeneſſe. the light from the darkeneſſe.

Opninga av Fyrste mosebok i King James-Bibelen.[2]

Med reformasjonen i England blei liturgien i kyrkja engelsk i staden for latin, og dette gav impulsar til meir religiøs litteratur på morsmålet. Altarboka Book of Common Prayer frå 1549 og King James-Bibelen, ei bibelomsetjing frå 1600-åra, fekk stor tyding for engelsk litterært språk i lang tid framover.

Ei anna stor forandring var oppfinninga og utbreiinga av boktrykkarkunsten. Under eit opphald i Köln frå 1471 til 1472 lærte William Caxton å trykka bøker, og i 1474 gav han ut dei første trykte bøkene på engelsk. Endringane førte til at ein kunne omsetja og distribuera litteratur raskare. Særleg italiensk renessanselitteratur blei eit førebilde for mange engelske forfattarar. Ein kunne også gå bort frå verseforma, som var lettare å hugsa i munnleg form, til å skriva rein prosa.

John Donne er den viktigaste representanten for metafysisk poesi tidlege på 1600-talet. Metafysisk poesi var påverka av den kontinentale barokken, og emneområde var både kristen mystikk og erotikk. Diktinga tok i bruk ukonvensjonelle eller «upoetiske» bilde, som ein passer eller ein mygg, for å oppnå overraskande effektar. I tillegg til denne metafysiske poesi var 1600-talet også kjent for ein barokkpoesi som lik bildekunsten i perioden skulle vera luftig, dramatisk, episk og religiøs. Mange av desse poetane var opent katolske (spesielt Richard Crashaw) og skreiv poesi for den katolske motreformasjonen i håp om å skape høgvyrd mystikk som skulle få protestantar tilbake til den «sanne» trua.

Karolinsk og cromwelliansk litteratur – 1600-talet[endre | endre wikiteksten]

Den politiske litteraturen blomstra i England under dei turbulente åra rundt den engelske borgarkrigen på midten av 1600-talet. Politiske sympatisørar av kvar fraksjon skreiv pamflettar som inneheldt vondskapsfulle personlege og polemiske åtak og alle former for propaganda, men også vidløftige planar om å reformere statsskikken. Leviathan av Thomas Hobbes tilhøyrde den siste typen. Verket er i dag rekna som det viktigaste innan britisk politisk filosofi.

I perioden kom også ei mengde såkalla nyheitsbøker, forløparane til nyheitsavisene, der journalistar som Henry Muddiman, Marchamont Needham og John Birkenhead representerte synspunkta og dekte aktivitetane til dei stridande partane. Mange forfattarar blei fengsla og bøkene deira beslaglagde. Dette førte i første omgang til at mange bøker blei trykte i løynd eller i utlandet, og seinare til forslag om eit lisens- og kontrollsystem. John Milton sin politiske pamflett Areopagitica var skriven i opposisjon til lisensiering og blir sett på som eit av dei mest veltalande forsvar for ytringsfridom nokonsinne.

Andre litterære former som var i bruk i denne perioden blir vanlegvis gjevne politiske undertekstar (med meining «mellom linjene»), eller blir grupperte etter den politiske orienteringa til forfatterane. Kavalérdiktarane, som hovudsakleg var aktive under Karl I like før borgarkrigen, stod i gjeld til den tidlegare generasjonen metafysiske poetar. For Izaak Walton blei tvangspensjoneringa av hoffet etter avrettinga av Karl I eit gode ettersom det gav han høve til å skriva boka The Compleat Angler (1653). Boka er i overflate ei rettleiing i sportsfiske, men inneheld også ein meditasjon over livet, fritid og å vera fornøgd med det ein har. Dei to viktigaste poetane i protektoratet under Cromwell var Andrew Marvell og John Milton. Begge skreiv verk som prisa det nye styret, som Marvells «An Horatian Ode upon Cromwell's Return from Ireland».

Litteraturen under restaurasjonen (1660–1700)[endre | endre wikiteksten]

Of Mans First Disobedience, and the Fruit
Of that Forbidden Tree, whose mortal taste
Brought Death into the World, and all our woe,
With loss of EDEN
Dei første linjene i Det tapte paradis[3]
Illustrasjon og tittelbladet til The Pilgrim's Progress (tredjeutgåva frå 1679).
Illustrasjon til ei oppføring av Oroonoko frå 1776. Skodespelet bygde på Aphra Behn sin roman av same namn.

Litteraturen under restaurasjonen omfattar mellom anna John Milton sitt filosofiske Det tapte paradis og jarlen av Rochesters sin seksuelle satire Sodoma, William Wycherley sin samfunnskritiske komedie The Country Wife og John Bunyan sin moralske Pilgrim's Progress. John Locke utmerka seg med si Treatises of Government og John Dryden med nyskapande litteraturkritikk.

Sensuren og dei radikale moralstandardene under det puritanske regimet til Cromvell førte til eit avbrot i den litterære tradisjonen, men også til ein ny start for alle litterære former etter restaurasjonen. Under protektoratet til Cromwell levde Karl II og lojale følgjarar tilknytte han i eksil på kontinental-Europa, slik at dei fekk nærkontakt med mellom anna spanske skodespel og nederlandsk merkantilisme og rasjonalistisk prosadebatt som føregjekk i det offisielt tolerante Nederland.

Den største og viktigaste poesiforma på denne tida var satiren. Denne blei vanlegvis gjeven ut anonymt ettersom forfattaren kunne risikera stor fare, både gjennom den finmaska injurieloven og gjennom direkte vald som svar på satiren. John Dryden blei til dømes fysisk angripen fordi han var mistenkt for å ha skrive Satire on Mankind.

Prosa i denne perioden var dominert av kristelege skrifter, men under restaurasjonen voks også to sjangrar fram som skulle bli større i seinare periodar: fiksjon og journalistikk. Dagbokskriving verka bli vanleg i England på 1600-talet, og forfattarar som John Evelyn og Samuel Pepys skildra daglegliv i London og det kulturelle miljøet i tida.

John Bunyan står fram blant dei samtidige religiøse forfattarane. Hans Pilegrims vandring (The Pilgrim's Progress, 1678) er ein allegori om personleg frelse og ei rettleiing til eit kristeleg liv. Boka er skriven som ei endefram fortelling og er påverka av både drama og biografi, og samtidig også av den store allegoriske tradisjonen som Edmund Spenser representerer.

Religiøse skrifter streifa ofte innom både politikk og økonomi, på same måte som politiske og økonomiske skrifter gjerne behandla religion både implisitt og eksplisitt. Restaurasjonen var også tida då John Locke skreiv mange av sine filosofiske verk, mellom anna hans tre avhandlingar om styresett (Treatises on Government, 1690), som seinare inspirerte tenkjarar bak den amerikanske revolusjonen.

Det er umogleg å slå fast kva tid romanen kom til England, men under restaurasjonen byrja lange forteljingar og fiktive biografiar å skilja seg ut frå andre litterære former. Ein eksisterande fransk og spansk romansetradisjon var populær i England. Romansen blei rekna som ein feminin sjanger, og romanlesing var sett ned på som ein karakterbrist. Ein markant figur i framveksten av romanfiksjonen var Aphra Behn, ein av dei første profesjonelle forfattarane i England. Romanane hennar er påverka av tragedien og av erfaringane hennar som dramatikar.

I denne tida blei det også utvikla profesjonell og periodisk journalistikk i England. I løpet av restaurasjonen var det vanlegaste nyheitsmediet eit enkelt, stort stykke papir, som stort sett inneheldt ei partisk skildring av ei hending. Dei første nyheitsavisene kom til landet omtrent då nederlandske Vilhelm av Oranien kravde trona i 1689. Denne typen avis var då allereie utbreidd i Nederland.

Klassisisme og opplysning (1700–1780)[endre | endre wikiteksten]

Gullivers reiser av Jonathan Swift kom ut i 1726.

Forfattarar i 1720- og 1730-åra (som Voltaire og Oliver Goldsmith) kalla litteraturen i tida frå 1689 til 1750 «augustansk litteratur». Den herskande kong Georg I av England gav seg sjølv tilnamnet «Augustus» (latin for 'opphøgd', brukt av romerske keisarar) fordi han meinte det passa hans eigen stordom, men forfattarane brukte nemninga fordi dei såg ein parallell til romarane sin overgang frå ein tidleg røff litteratur til ein meir politisk og polert litteratur. Den mest framståande diktaren frå denne tida er Alexander Pope, kjend mellom anna frå ironiske episke dikt som Rape of the Lock og The Dunciad.

I den tidlegaste delen av perioden blei prosaen dominert av utviklinga til det engelske essayet. Joseph Addison og Richard Steele sitt tidsskrift The Spectator etablerte ei form for britisk periodisk essay der dei gjennom å sjå verda gjennom augo til ein uengasjert observatør kunne meditera over menneskeliv uten å gjere seg til talsmann for bestemte endringar. Ein motsats til denne stilen stod Jonathan Swift for. Han skreiv skeptisk og direkte om samfunn og religion, som i A Tale of a Tub, med brodd mot katolikkar og kalvinistar, og det kjende satiren Gullivers reiser.

Den engelske romanen, som blei introdusert under restaurasjonen, utvikla seg til å bli ei viktig kunstform på denne tida. Daniel Defoe vendte seg frå journalistikken og skriving av avisartiklar om kriminelle løpebanar til å skriva fiktive, oppbyggjelege, historier om dei kriminelle, men angrande syndarane Roxana og Moll Flanders'. Defoe skreiv også Robinson Crusoe (1719), ei enkelt fortalt reiseskildring om eit skipbrot, truleg basert på den sanne historia om Alexander Selkirk.

I byrjinga av perioden var dramatikken dominert av John Vanbrugh og William Congreve, som med nokre tilpassingar vidareførte komediar frå føre epoken. Hovudmengda av teaterstykka var mindre farser og langt meir seriøse tragediar. George Lillo og Richard Steele skapte tragediar med ein moral tilpassa interessene til mellom- eller arbeidarklassen. Figuren Harlekin blei introdusert og ein byrja setja opp populært pantomimeteater. Opera blei også ganske utbreidd i London trass ein betydeleg litterær motstand mot dette italienske innslaget. I 1728 kom John Gay med Tiggeroperaen (The Beggar's Opera) på engelsk. Han verka vera ein allegori på Robert Walpole og direktørane i South Sea Company, slik at Gay sin neste opera blei forboden før han blei sett opp. The Licensing Act i 1737 førte til at syttenhundretalsdramatikken fekk ein bråstopp då han blei underlagt offisiell statssensur.

Sensuren førte til at mange dramatikarar som Henry Fielding og Henry Brooke gjekk over til å skrive romanar. Samuel Richardson skreiv romanen Pamela, or Virtue Rewarded (1749) som hadde til hensikt å kjempa mot skadeverknadene andre romanar hadde på samfunnet. Henry Fielding gjekk til åtak på det absurde i denne romanen med Joseph Andrews og Shamela, og kjempa mot Clarissa av Richardson med den komiske Tom Jones. Brooke skreiv The Man of Feeling og opna dermed indirekte for den sentimentale romansjangeren. Laurence Sterne skreiv Tristram Shandy, ein fiktiv biografi som av mange er rekna som ein forløpar for medvitsstraum og sjølvreflekterande metateknikkar i meir moderne verk.

Litteraturen på 1700-talet spegla verdssynet til opplysingstida med ei rasjonell og vitskapleg tilnærming til religiøse, sosiale, politiske og økonomiske spørsmål som kunne bidra til framgang og forbetring. Men det var også ei tid som i aukande grad la vekt på instinkt og kjensler heller enn på dømmekraft og sjølvkontroll. Etter nedvurderinga av mellomalderen i renessansen fekk ein nå ei aukande positiv interesse for denne tida, og det blei utvikla interesse for mellomalderballadar og folkelitteratur. Romanen The Mysteries of Udolpho av Ann Radcliffe var eit uttrykk for alt dette.

Romantikken (1780–1837)[endre | endre wikiteksten]

Bright flower! whose home is everywhere
Bold in maternal nature's care
And all the long year through the heir
Of joy or sorrow,
Methinks that there abides in thee
Some concord with humanity,
Given to no other flower I see
The forest through.

«To the Daisy» (1803)
William Wordsworth

Med oppfinninga av dampmaskinen og den industrielle revolusjonen endra det britiske samfunnet seg med ein enorm folkevekst i byane og tilsvarande avfolking av landsbygda. Dei elendige levekåra til arbeidarane, dei nye klassekonfliktane og miljøforureiningane frå industri og urbanisering fekk diktarane til å gjenoppdaga verdien og venleiken i naturen. Jorda blei sett på som ei kjelde til visdom og den einaste løysinga på dei stygge landskapa skapte av maskinane.

Rousseau sine tankar om korleis natur og instinkt var betre enn sivilisasjonen gjekk sin sigersgang gjennom Europa. I England slo dei særleg an blant Lake Poets, ei lita venegruppe som omfatta William Wordsworth og Samuel Taylor Coleridge. Desse tidlege romantikarane introduserte ein ny sensitivitet og sjølvstudium.

Mary Shelley sin gotisk-romantiske skrekkroman Frankenstein kom ut i 1818.

Til den andre generasjonen av romantiske diktarar høyre mellom anna Lord Byron, Percy Bysshe Shelley, Mary Shelley og John Keats. Byron var påvirka av satirikarane frå 1700-talet, og var kanskje den minst romantiske av desse. Hans første reise til kontinentet førte til det lange forteljande diktet Childe Harold's Pilgrimage om eventyra til ein latterleg helt, men var også ein skarp satire mot sosieteten i London.

Både Byron og Shelley måtte flykta frå England grunna ekteskapelege skandalar. Shelley hadde forlate den sekstenårige kona si kort tid etter bryllaupet deira, og ho hadde deretter teke livet sitt. Hans nye partnar Mary var den intellektuelle dottera av filosofen og revolusjonsforkjemparen William Godwin og feministen Mary Wollstonecraft, forfattaren av Vindication of the Rights of Women.

I 1816, «året uten sommar», budde desse tre med Byron sin sekretær dr. John Polidori ved Genfersjøen. Dei blei einige om å halda ei skrivetevling som ende med at Polidori introduserte vampyren i verdslitteraturen medan Mary Shelley skapte monsteret Frankenstein, det første kunstige mennesket.

I dag er Mary Shelley hugsa først og fremst for dette bidraget til å skapa sjangeren science fiction. Handlinga i Frankenstein skal ha kome til henne i eit mareritt under en stormfull natt ved sjøen. Ideen hennar om skapinga av eit menneske frå stolne kroppsdelar og gje det liv ved hjelp av elektrisitet var kanskje inspirert av Alessandro Volta sine oppfinningar og Luigi Galvani sine eksperiment med døde froskar. Forteljinga reiser i alle høve aktuelle spørsmål rundt det å «tukla med naturen» og «leika Gud».

John Keats var fascinert av gresk kunst, noko som mellom anna kom til uttrykk i diktet «Ode on a Grecian Urn». Dette var ei nyskaping i romantikken som kom til å inspirera Walter Pater og seinare Oscar Wilde til å tru på den absolutte verdien til kunst, uavhengig av estetikken. Diktaren, målaren og trykkaren William Blake er vanlegvis rekna til dei engelske romantikarane, sjølv om hans visjonære verk er svært forskjellige frå dei andre diktarane sine.

Den mest populære av alle britiske romanforfattarar på denne tida var Walter Scott. Hans storslåtte historiske romanar inspirerte ein generasjon av målarar, komponistar og skribentar over heile Europa. I kontrast til Scott skreiv Jane Austen romanar om lågadelen og fintfolks liv på landet i samtida, sett frå eit kvinneperspektiv. Med eit skarpt blikk på praktiske sosiale emne, særleg ekteskap og å velja rett partnar i livet, viste Austen fram vanskane til kvinner som ikkje kunne arva eigedom, vanlegvis ikkje pengar, og som ikkje kunne ta seg lønsarbeid. Deira einaste sjanse i livet var å gifta seg med rett mann. Austen etablerte ein litteratursjanger som framleis er levande, og hennar verk er generelt rekna som realistiske og ikkje romantiske i kunstnarisk forstand.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Viktoriatida (1837–1901)[endre | endre wikiteksten]

It was the best of times, it was the worst of times, it was the age of wisdom, it was the age of foolishness, it was the epoch of belief, it was the epoch of incredulity, it was the season of Light, it was the season of Darkness, it was the spring of hope, it was the winter of despair, we had everything before us, we had nothing before us, we were all going direct to Heaven, we were all going direct the other way – in short, the period was so far like the present period, that some of its noisiest authorities insisted on its being received, for good or for evil, in the superlative degree of comparison only.

Førsteavsnittet til A Tale of Two Cities (1859)
Charles Dickens
Illustrasjon til The Hand of Ethelberta av Thomas Hardy.

Det var i løpet av viktoriatida (1837–1901) at romanen blei den leiande litterære sjangeren i England. Det best kjende verket frå denne tida er mellom anna dei emosjonelle og mektige verka til systrene Brontë, den satiriske Forgjengelighetens marked (Vanity Fair) av William Makepeace Thackeray, dei realistiske romanene til George Eliot, og Anthony Trollope sine innsiktsfulle portrett av liva til jordeigarane. Ei interesse for landsbygda og den endra sosiale og økonomiske situasjonen utanfor byane kan ein lesa i romanane til Trollope, Thomas Hardy, Elizabeth Cleghorn Gaskell og andre.

Leiande lyrikarar i den viktorianske tidsalderen var skikkelsar som Alfred Tennyson, Robert Browning, Elizabeth Barrett Browning, Matthew Arnold, Dante Gabriel Rossetti og Christina Rossetti.

Charles Dickens dukka opp på den litterære scena i 1830-åra, og stadfesta trenden med føljetongromanar. Dickens skreiv levande og fargerikt om livet og fattigdommen i London og omland, men på ein venleg og humoristisk måte som var akseptabelt for lesarar i alle samfunnslag. Tidlege verk som Pickwick-papirene (1836–1837) er komiske meisterstykke. Dei seinare verka hans var mørkare, som David Copperfield (1849–1850), men uten å tapa geniet for treffende og minneverdige karikaturar, mellom anna i avslørande replikkar.

På denne tida blei det gjeve ut litteratur skriven spesielt for barn, og ein del av denne blei kjend verda over. Lewis Carroll blei kjend for Alice i eventyrland, og skreiv også tullevers, noko også Edward Lear gjorde. Robert Louis Stevenson var ein representant for den engelske nyromantikken. Han skreiv eventyrlege bøker lesne både av barn og vaksne, som Dr. Jekyll and Mr. Hyde‎, Kidnapped og Skatten på sjørøverøya (Treasure Island‎).

Dronning Viktoria representerer ikkje berre det verdsomspennande britiske imperiet, men blei også symbolet på ein samfunnstype og eit kultursyn. I daglegtale har «viktoriansk» fått ein negativ klang, brukt om noko sneversynt og hyklersk, særleg seksuelt. Konfliktane i samfunnet blir gjort tydelege i irskfødde Oscar Wilde, ein estetikar, essayist og dramatikar. Hans talent for den kvikke, andfulle replikken og konversasjon prega hans vittige komediar. Som lyrikar og eventyrforfattar var Wilde ein prerafaelitt, som essayist var han personleg og levande. Samstundes kunne han visa ei anna side, som i det mørke bibelske dramaet Salomé (1896), og romanen Portrettet av Dorian Grey (1891), om tilhøvet mellom ungdom, venleik og tid. Wilde sitt eige liv ende i tragedie då han blei dømt og send i fengsel for homofili, og døydde få år seinare. Men også fengselsopphaldet gav næring til litteratur Balladen om fengselet i Reading (The Ballad of Reading Gaol, 1898).

Spenning og moral[endre | endre wikiteksten]

Tittelbladet til In Black and White (1888) av Rudyard Kipling.

Økonomisk framgang og vinning var eit lykkemål i den viktorianske tidsalderen. Ved hundreårsskiftet blei den økonomiske utnyttinga av romanen sett i system, og ein fekk det engelske omgrepet bestseller – bestseljar.

Hall Caine selde meir enn de fleste. Vellukka marknadsføring og forteljingar prega av sensasjon og moralisme gav han maksimal suksess med til dømes Mannen fra Man (The Manxman, 1894) og Skyggen av en forbrytelse (The Shadow of a Crime, 1885), men sjølv samtida dømte romanane hans som sentimentale sensasjonshistorier utan kunstnarisk nivå. Ein tilsvarande forfattar var Marie Corelli, som kombinerte sentimental religiøsitet med svulstig forteljarglede. H. Rider Haggard var mindre sentimental, og med erfaring frå koloniadministrasjonen i Sør-Afrika skreiv han Kong Salomos miner (King Solomon’s Mines, 1885), ein spenningsroman om ei skattejakt frå Afrikas indre. Romanen blei sidan gjenutgjeven som gutebok.

Den mest populære forfattaren var Arthur Conan Doyle, skaparen av Sherlock Holmes. Holmes blei sjølve prototypen på ein detektiv som først blei genial saman sin litt mindre gåverike følgjesven, doktor Watson. Novellene blei først trykte i magasin og deretter samla i bøker. Conan Doyle var også oppteken av den samtidige pseudovitskapen spiritisme og paleontologi, som i The Lost World.

Også H.G. Wells var oppteken av vitskap i tida, og blei ein pioner innan science fiction. Inspirert av utviklingslæra blei han ein positiv profet for utvikling og framtid, men skreiv også romanar som kan oppfattast som dystre åtvaringar om det same. Gjennombrote hans kom i 1895 med Tidsmaskinen, om ein mann som utnyttar den fjerde dimensjonen og flyttar seg tilbake i tid. Stimulert av suksessen snikra han saman Dr. Moreaus øy året etter, om ein eksentrisk lege som ved hjelp av biologi omformar dyr til menneske og sjølv fell for sine skaparverk. Den usynlige mann (1897) og Klodenes kamp (1898) blei kvar for seg prototyp på seinare velkjende emne innan science fiction, og i 1901 skreiv han om dei første menneskja på månen. Mindre kjent i ettertida, men nær ein skandale i samtida, var åtaka hans på ekteskapet og hans radikale kamp for kvinnefrigjering. Wells var ein frimodig sosialist og pasifist, og dei seinare verka hans blei i aukande grad politiske og didaktiske.

Også Rudyard Kipling var ein særs folkekjær forfattar. Han auste på med materiale frå britiske koloniar, hovudsakleg Britisk India, frå eit koloniherresynspunkt. I eventyrlege omgjevnader formidla han pliktfølelsen til enkeltmennesket for nasjonen og Gud. Born over heile Vest-Europa slukte hans forteljingar i Jungelboka (1894) og Just So Stories (1902). Kim (1901) er ein oppvekstroman om ein foreldrelaus gut i India. Også som musikalsk diktar hadde Kipling suksess med diktsamlinga Mandalay (1890) og If- (1895). Men Kipling hadde også ein dystrare pessimisme for imperiet som kom til uttrykk i diktet «Recessional» (1897). I 1907 blei han tildelt Nobelprisen i litteratur, som den første engelskspråklege forfattaren.

Joseph Conrad henta også inspirasjon frå det britiske imperiet, men hadde eit anna utgangspunkt enn Kipling. Han var fødd i Polen og drog til sjøs som attenåring. Etterkvart kom han med i den britiske handelsflåten der han arbeidde seg opp til kaptein i løpet av seksten år. Han slo seg etterkvart ned i England og skreiv meisterverk på andrespråket sitt, engelsk. Conrad er blitt ståande som ein fornyar av den moderne romanen, gjennom eksperimentering med tidsforskyvingar, bruk av symbol som suggererande understraum i teksten, og ein fiktiv forteljarstemme. Mørkets hjerte (Heart of Darkness, 1899) er ei svært symbolsk forteljing med ei historie i historia (rammeforteljing). Romanen blei sidan grunnlaget for Francis Ford Coppola sin film Apokalypse nå! (1979). I Lord Jim (1900), historia om ein vanæra styrmann i Austen som prøver å sone for brotsverket sitt, bryt Conrad opp kronologien i forteljinga, eit grep han sidan nytta i fleire romanar.

John Galsworthy var født inn i den privilegerte overklassen, noko som blei emne for romanane hans. Ved ei lengre sjøreise blei han vener med førstestyrmann Joseph Conrad, noko som stimulerte interessa hans for å bli forfattar. Den rike mann (The Man of Property, 1906), første bind i den storslåtte Forsytesagaen, var prega av det som blei hovudemna hans: Makta til den erotiske lidenskapen og den umenneskelege offisielle moralen. Verket fekk god kritikk, men forferda hans eigen klasse.

E.M. Forster tok også opp moral og klasse i verk som Howards End (1910), medan hans skjulte homofil først kom til syne i romanen Maurice (1971) som blei gjeven ut etter at han døydde. Reisen til India (A Passage to India, 1924) er i det ytre ein politisk roman som tek opp motsetningar i Britisk India, men har ei indre symbolsk forteljing og inneheld mellom anna det opne spørsmålet om kva som skjedde eller ikkje skjedde i Marabar-grottene.

Verdskrig og død[endre | endre wikiteksten]

IF I should die, think only this of me;

That there's some corner of a foreign field

That is for ever England.

«The Soldier»
Rupert Brooke

Første verdskrigen endra det engelske samfunnet og litteraturen med det. Skyttargravskrigen , som drap ti millionar soldatar i løpet av fire år, forma ei rekkje unge krigsdiktarar som ofte også døydde der. Rupert Brooke hadde eit stort talent som såvidt rakk å blomstra. Han hoppa av studiane ved Universitetet i Cambridge for å bli soldat. 23. april 1915, nokre veker før han døydde av blodforgifting, blei Brooke kjend då diktet hans «Soldaten» blei lese opp i St. Paul-katedralen under høgmessa første påskedag. Før han døydde fekk han tid til å fullføra ein suite på fem sonetter om krigen med tittelen 1914 & Other Poems (1916). Brooke døydde før kor grusam krigen var blei heilt kjend, og gav uttrykk for ein romantiske idealisme som raskt gjekk tapt blant lengre levande soldatar.

Charles Hamilton Sorley var ein annan gåverik diktar med ei tragisk innleving som hadde tapt alle idealistiske illusjonar då han døydde i 1915. Isaac Rosenberg, kanskje den fremste av dei engelske krigsdiktarane, skildra krigskvardagen sett frå ståstaden til ein vanleg soldat. Dikta hans blei utgjevne posthumt etter at han fall under retretten frå slaget ved Somme i 1918. Blant desse desillusjonerte lyrikarane frå skyttargravene står Siegfried Sassoon i ei særstilling, ikkje minst ettersom han overlevde krigen, og kunne bruka freden til å skrive om han, ein påtrengjande røyndom som aldri slapp taket.

Mellomkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Mellomkrigsdramaet[endre | endre wikiteksten]

Engelsk teater var i rik vekst i tida mellom verdskrigane, men utan vidare fornying: Impulsane kom frå Irland, der William Butler Yeats saman med Edward Martyn og Lady Gregory grunnla det irske nasjonalteateret, og bidrog til gjenopplivinga av ein irsk litteratur (Irish Literary Revival). Amerikanskfødde T.S. Eliot overførte sine dramatiske monologar på verseform til teateret. Han tok opp tema som tid, æve, gjenfødinga til anden og forsoning med spøkelse frå fortid. Eliot var påverka av buddhistisk tenking, antikk filosofi og kristen mystisisme. Sjølv skulle han ha stor innverknad på seinare filosofiske retningar, som eksistensialismen.

Også George Bernard Shaw var opphavleg frå Irland, men flytta som ung mann til London der han lenge sleit som journalist og kritikar. Den Ibsen-inspirerte Shaw gjorde den engelske teaterscena til eit diskusjonsforum for moralske, politiske og økonomiske spørsmål, og dette er truleg hans viktigaste og mest varige bidrag til scenekunsten. Alt i alt skreiv Shaw meir enn 60 teaterstykke, nesten alle tok opp sosiale problem i samtida, men på grunn av si komiske åre klarte han å gje temaa ei relativt sosialt akseptabel form. Stykke som Fanny's First Play (1911) og Pygmalion (1912), som den berømte musikalen My Fair Lady (1956) byggjer på, opplevde lange speleperiodar for eit stort London-publikum. Første verdskrigen endra han som så mange andre. Det første stykket i mellomkrigstida var Villa Hjertedød (Heartbreak House, 1919). Humoren var framleis til stades, men ikkje trua på menneskja. I 1923 fekk han internasjonal suksess med Saint Joan, ei skildring av Jeanne d’Arc.

Dei beste stykka til J.B. Priestley høyrer også til denne perioden. Noel Coward var meisteren av lette lystspel og salongkomediar, medan W. Somerset Maugham skreiv dramatiske verk som tok opp samtidsproblem til debatt. Christopher Fry dyrka elegant ordkunst, hans mest kjende stykke er den romantiske komedien Damen vil helst ikke brennes (This Lady is Not For Burning) frå 1948.

Modernismen (1914–1945)[endre | endre wikiteksten]

Den engelske modernistiske litterære rørsla voks ut av ein generell desillusjon og med haldningane frå viktoriatida: Visse, konservatisme og førestillinga om ei objektiv sanning. Rørsla var sterkt påverka av idear frå romantikken, Karl Marx sine politiske skrifter og Sigmund Freud sine psykoanalytiske teoriar om det undermedvitne. Dei kontinentale kunstrørslene impresjonismen og seinare kubisme var også viktige inspirasjonskjelder for modernistiske forfattarar.

Sjølv om den litterære modernismen nådde sitt høgdepunkt i mellomkrigstida, dukka dei tidlegaste uttrykka for haldningane til rørsla opp på siste halvdel av 1800-talet. Gerard Manley Hopkins, A.E. Housman og Thomas Hardy var nokre av dei viktigaste engelske modernistane i viktoriatida.

Den kanskje viktigaste forkjemparen for utviklinga av modernismen var den amerikanske diktaren Ezra Pound. Han fekk æra for å ha «oppdaga» både James Joyce, som med Ulysses skreiv det mange reknar blant dei største litterære prestasjonane på 1900-talet, og T.S. Eliot, den fremste engelske diktaren i samtida. Store romanforfattarar i mellomkrigstida var Virginia Woolf, E.M. Forster, Evelyn Waugh, D.H. Lawrence og P.G. Wodehouse.

Virginia Woolf var ein ruvande skikkelse i det modernistiske forfattarmiljøet i London. Ho tok i bruk den nye medvitsstraum-teknikken i fiksjonen sin. Woolf skreiv også essay og litteraturkritikk, og er særleg kjend for det boklange essayet Et eget rom (A Room of One's Own, 1929), om korleis ein kunne skapa rom for kvinner til å skapa. D.H. Lawrence blei særleg kjend for frittalande skildringar av seksualitet, og nokre av verka hans blei i samtida rekna som pornografiske. Lawrence ønska å fri seksualiteten frå den snerpete viktorianske moralen, og fremja den positive kafta han kunne ha. Blant romanane hans er Sønner og elskere (1913), Kvinner som elsker (1921) og Lady Chatterleys elsker (1928). Den sistnemnde blei sensurert straks etter utgjevinga, og først frigjeven etter ein omfattande rettssak i 1960. T.E. Lawrence, kjend som «Lawrence av Arabia», blei myteomspunnen for sitt eige eventyrlege liv i Midtausten, men også for Visdommens syv søyler (Seven Pillars of visdom, 1926), ei omfattande forteljing om arabarane sin kamp mot kolonistar og eit avslørande, samansett sjølvportrett av han sjølv.

Graham Greene slo gjennom allereie med sin første roman, Faren, vennen og kvinnen (The Man Within, 1929), og stod bak ei rekkje spennande, populære romanar som Den tredje mann (1950, filmatisert av Orson Welles), Vår mann i Havana (1958) og Brighton Rock (1938), ei forteljing om kriminalitet i badebyen Brighton som både er underhaldande og inneheld ei ettertenksam utforsking av synd og moralitet. Evelyn Waugh blir ofte samanlikna med den jamgamle Graham Greene; begge var også katolske konvertittar. Waugh blanda satire og rein farse inn i sine forteljingar om den engelske overklassen i mellomkrigstida. Mest kjend er Gjensyn med Brideshead (1945).

Andre romanforfattarar frå denne perioden er mellom anna Robert Graves, Joyce Cary og Ivy Compton–Burnett.

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

George Orwell sin dystre framtidsroman 1984 innførte omgrep som «nytale» (newspeak) og «Store Bror ser deg» (Big Brother is watching you).

Etter andre verdskrigen byrja gjenoppbygginga av England. Livet gjekk vidare og ei ny tid var i emning, men ein levde med arven frå fortida. Dei store diktarane frå mellomkrigstida var anten middelaldrande eller døde. Med freden kom ny frykt skapt av den kalde krigen og atombomba. Det moderne var ikkje utan skuggesider.

Aldous Huxley sin Vidunderlige nye verden (Brave New World, 1932) er ein velkjend dystopi inspirert av det moderne livet og samtidige ideologiar. Journalisten George Orwell laga ei anna pessimistisk framtidsverd med science fiction-fabelen 1984 (1949). Orwell skreiv også politisk allegori med Kamerat Napoleon (Animal Farm, 1945).

I skuggen av fortida[endre | endre wikiteksten]

Den engelske skjønnlitterære romanen etter verdskrigen verka venda seg vekk frå ytre spenning og mot vare, finstemte skildringar av engelsk liv, mennesket presentert som ei blanding av sosialt og metafysisk individ.

Angus Wilson, ein bibliotekar i British Museum, skreiv oppbrakt over samtida si, refsa engelsk besteborgarlegheit og liksom-liberalisme, og har tidvis sterkt karikerte figurar. C.P. Snow var både forfattar og vitskapsmann, og tok i romanane sine opp forholdet mellom nettopp naturvitskap og humanisme. I elleve romanar under fellestittelen Fremmede og brødre (Strangers and Brothers), som kom ut mellom 1940 og 1974, fortel Snow om Lewis Eliot som lik forfattaren arbeider ved Universitet i Cambridge, og via denne figuren set han lys på nye trugsmål mot sivilisasjonen.

William Cooper, eigentleg Harry Summerfield Hoff, var tilsett ved den britiske atomenergikommisjonen, og stod i lik Snow med ein fot i kvar leir. Forfatterskapet hans er prega av lågmælte skildringar, som hans første roman Provincial Life (1950) og sidan Married Life (1960). Iris Murdoch dyrka gjennom eit langt forfattarskap den filosofiske kjærleiksrokmanen, som ho sjølv hadde funne opp.[4] Lawrence Durrell er kjend for sin Alexandria-kvartett som tek for seg «moderne kjærleik» med sensuelle skildringar.[5]

Pamela Hansford Johnson, som var kona til Snow, var litteraturkritikar og forfattar som han. Ho er best kjend for Dorothy Merlin-triologien, ein satire om litterære krinsar.[6] Kingsley Amis er også kjend for satire gjennom Lucky Jim, eit åtak på det overfladiske i den akademiske verda.

William Golding er rekna til dei store engelske forfattarane, og er mest kjend for sin første roman, Fluenes herre (1954), ei mørk skildring av korleis gutungar utviklar eit brutalt og vilt samfunn når dei strandar på ei aude øy. Ei seinare bok, Martin den skipbrudne (Pincher Martin, 1956) fortel om ein annan prekær situasjon der hovudpersonen er blitt torpedert i Atlanterhavet og klamrar seg til ei aude klippe i eit desperat forsøk på å overleva.

Impulsar frå resten av verda gjorde seg sterkt gjeldande i engelsk litteratur også i etterkrigstida, både gjennom forfattarar som stamma frå Det britiske imperiet (seinare samveldet) og gjennom engelskfødde med lengre utanlandsopphald. Bestseljaren Nevil Shute skildra reiser over heile verda, inspirert av si eiga flyinteresse. Doris Lessing brukte oppveksten i Rhodesia som inspirasjon til sine første verk. Trinidadfødde V.S. Naipaul gjorde seg merka både med skildringar frå Karibia, England og reiseskildringar frå resten av verda med fokus på religion, nasjonalisme og kolonialisme. Salman Rushdie skreiv om heimlandet sitt India frå landet fekk sjølvstende frå Storbritannia i sitt prisvinnande verk Midnattsbarn (Midnight's Children, 1981). Hilary Mantel har både historisk og geografisk spenn i sine verk, som er inspirerte av Botswana, Saudi-Arabia, den franske revolusjonen og tudortida. Japanskfødde Kazuo Ishiguro tek opp minne og døyelegheit frå ulike synsvinklar i verka sine. Britisk-kinesiske Timothy Mo, pakistansk-britiske Hanif Kureishi og halvt jamaikanske Zadie Smith er døme på forfattarar som mellom anna har funne inspirasjon i det multikulturelle britiske samfunnet.

Fleire engelske forfattarar er blitt kjende gjennom filmatiseringar av verka deira, til dømes Anthony Burgess med sin dystopiske Den mekaniske appelsin (A Clockwork Orange, 1962), filmatisert av Stanley Kubrick, John Fowles med Den franske løytnantens kvinne (1969), filmatisert i 1981 etter manus av Harold Pinter, og Patrick O'Brian med filmatiseringa av Master and Commander: The Far Side of the World.

Krim og spenning[endre | endre wikiteksten]

Tittelryggane til nokre av Ian Fleming sine Bond-bøker.

Engelsk krim var blitt vidareført i mellomkrigstida av dyktige krimgåteforfattarar som Agatha Christie og Dorothy L. Sayers. Særleg Christie var produktiv med rundt 80 krimbøker som alle heldt jamn kvalitet. Den tradisjonelle detektivromanen blei ein eigen engelsk sjanger, og nye dyktige forfattarar følgde, som P.D. James, Margaret Yorke, J.I.M. Stewart, som skreiv skjønnlitteratur under sitt verkelege namn og rundt førti krimromanar under pseudonymet Micheal Innes. Colin Dexter fann opp detektivane Morse og Lewis, som saman med andre engelske krimheltar også blei populære på fjernsyn.

Med rundt 170 spion- og kriminalromanar var Edgar Wallace ein særs produktiv forfattar i førkrigstida. Spenningssjangeren blei også nytta av Graham Greene, og etter andre verdskrigen voks populariteten til spionromanar. John le Carré, eit pseudonym for David John Moore Cornwell, hadde erfaring frå MI5 og MI6 i 1950 og -60-åra, og fekk suksess med Spionen som kom inn fra kulden (1963), ein overtydande spenningsromanen om etterretningsagentar og dobbeltagentar i Berlin under den kalde krigen. Ian Fleming skreiv om den same skumle verda som le Carré, men på eit anna litterært nivå og med ei langt meir forenkla karakterskildring. Fleming sin helt James Bond blei verdskjend mellom fleire filmar, og overlevde skaparen sin.

Det fantastiske og magiske[endre | endre wikiteksten]

J.K. Rowling les høgt utanfor Det kvite huset i Washington.

Engelsk «fantasy» eller fantastisk litteratur er kanskje meir solid tufta på ein litterær tradisjon enn den tilsvarande amerikanske. Det gjeld ikkje minst J.R.R. Tolkien som var professor i angelsaksisk, engelsk og litteratur ved Universitetet i Oxford. Hans tredelte roman Ringenes herre er ein hjørnestein i moderne fantasy, og blei igjen aktuell gjennom filmatiseringa frå 2001-03 ved regissøren Peter Jackson.

Tolkien tilhøyrde ei litterær diskusjonsgruppe, The Inklings, saman med ein annan britisk akademikar og forfattar, hans nære ven C.S. Lewis. Mens Tolkien sine verk særleg bygde på norrøn, finsk og germansk mytologi, var Lewis prega av klassisk gresk mytologi og kristendom, noko han gav uttrykk for både som essayist og i romanserien Legenden om Narnia, hovudsakleg skriven for barn.

Angela Carter skreiv ofte innan sjangeren magisk realisme, men skreiv til dømes om eventyr som ho tolka på ein nyskapande, fabulerande måte med feministisk tilsnitt. Douglas Adams fornya science fiction-sjangeren i det humoristiske og absurde fembandsverket Haikerens guide til galaksen. Terry Pratchett bygde på tidlegare fantasy gjennom å skapa si parodiske Discworld, medan Neil Gaiman ved hjelp av engelske, greske og andre myter skapte sine eigne tradisjonar i verk som Sandman (ein episk teikneserie gjeven ut 1988–1996), Stardust og Neverwhere

Fantastisk barnelitteratur blei skapa av J.K. Rowling med den særs populære sjubandsserien om trollmannsuniverset til Harry Potter, som kom ut frå 1997 til 2007. Philip Pullman gav med trilogien Den mørke materien ut ein fantastisk serie som til motsetnad frå den til C.S. Lewis var ateistisk eller anti-kyrkjeleg orientert.

Etterkrigsdramatikk[endre | endre wikiteksten]

Fish and chips-vogn brukt i Eastenders.

1950- og 1960-talet var prega av nyskaping innan engelsk dramatikk, der tvitydige heltar frå vanskelegstilte bakgrunnar spelte ei viktig rolle. Mange av teaterstykka og filmane frå denne tida blir omtalte som «kitchen sink drama/realism» (kjøkkenbenk- eller kjøkkenvaskdrama) etter dei lite glamorøse arbeidarklasseliva dei skildra.

To teaterselskap stod i spissen for den nye utviklinga: The English Stage Company og The Theater Workshop, sistnemnde driven av den radikale Joan Littlewood. Teateret blei nytta for politisk kamp, og den kollektive bearbeidinga av manuskriptet var like viktig som kunstnargeniet.

Arnold Wesker skreiv for Stage Company, og med stykke som Hønsesuppe med byggegryn (Chicken Soup with Barley, 1959), Røtter (Roots, 1959), og Jeg snakker om Jerusalem (I’m Talking About Jerusalem, 1960) plasserte han seg openbart på arbeidarane si side i klassekampen. Shelagh Delaney var blant dei som skreiv for Theater Workshop, og merka seg ut med realistiske skildringar av homofile og folk frå Nord-England i A Taste of Honey. Alan Sillitoe peika seg ut med verk som Saturday Night and Sunday Morning (roman og film) og The Loneliness of the Long Distance Runner (novelle og film).

Med stykket Se deg tilbake i vrede (Look Back in Anger, 1956) gav John Osborne namn til ein ny figur innan teater og film, «sinte unge menn» (angry young men) som kunne vera både heltar og skurkar. Hans neste stykke, Gjøgleren (The Entertainer, 1957) gav eit skarpt portrett av ein mislykka varietéskodespelar, og er blitt forstått som ein metafor der det døyande engelske varietéteateret (music hall) representerer undergangen til det britiske imperiet. Det blir tydeleggjort ved hjelp av Suezkrisa i 1956.

Harold Pinter sameinte absurd teater med ein gjenkjenneleg realisme som tidvis var skremmande. Dramatikken hans er ofte prega av sterke konfliktar blant ambivalente karakterar som kjempar ein verbal kamp for å få gjennomslag for sin versjon av fortida – stilistisk prega av teatralske pausar, komisk berekning, ironi og trugsmål. Pinter sine replikkar var kvardagsspråk som publikum likevel la merke til - «han fekk oss til å høyra nærare etter oss sjølv.»[7] Andre betydningsfulle dramatikarar er John Arden, som blanda realisme med poetisk dialog, og tragikomikarane Joe Orton, Tom Stoppard og Peter Nichols. «Kjøkkenbenkrealismen» blei seinare vidareført gjennom til dømes filmar som Secrets & Lies (1996) av Mike Leigh og Billy Elliott (2000) av Lee Hall, og til ein viss grad i såpeseriar som Østkantfolk (Eastenders) og Coronation Street.

Ei heilt anna åre i engelsk drama finn ein i romantiske og/eller komiske fjernsyns- og filmproduksjonar av til dømes Richard Curtis (Four Weddings and a Funeral, Bridget Jones's Diary, Notting Hill, Love Actually, Blackadder og Mr. Bean), David Croft (Dad's Army, Are You Being Served? og 'Allo 'Allo!) og komikargruppa Monty Python. På verdsbasis er engelsk drama også kjend gjennom kostymedrama som Upstairs Downstairs, The Tudors, Downton Abbey og dramatiseringar av tidlegare engelsk litteratur, krim som Poirot, Morse og Midsomer Murders (Mord og mysterier), og musikalar som Cats, Evita og The Phantom of the Opera.

Poesi[endre | endre wikiteksten]

They fuck you up, your mum and dad.

They may not mean to, but they do.

They fill you with the faults they had

And add some extra, just for you.
«This Be The Verse» (1974)
Philip Larkin

Philip Larkin, karakterisert som ein av de største engelske diktarane i moderne tid, fekk gjennombrotet sitt med si andre diktsamling, The Less Deceived (1955). Larkin er kjenneteikna av ei særeigen stemme som bruker daglegspråk til dikt i elegant meter. Også John Betjeman hadde eit lettfatteleg språk og ein humoristisk stil som gjorde han til ein folkekjær diktar. Betjeman blei utnemnd til hoffdiktar (poet laureate) og blei etterfølgd i denne stillinga av Ted Hughes, ein annan kritikarrost diktar som nytta seg av kreftene i naturen som tema og biletstoff. Anglo-amerikanske Thom Gunn vekte interesse blant kritikarane allereie med si første diktsamling, Fighting Terms (1954), prega av ei hard, direkte og metrisk konsentrert form.

Liverpool-diktarane viser til fleire viktige diktarar frå Liverpool som var unge på 1960-talet. Dei var ei engelsk forlenging av den amerikanske beat-rørsla, og hadde utgangspunkt i den frodige popkulturen i Liverpool som også skapte The Beatles og andre popgrupper. Dei fremste var Adrian Henri, Roger McGough og Brian Patten , men også diktarar frå andre stader i England var knytte til denne rørsla som Pete Brown frå London, som mellom anna skreiv songtekstar for rockegruppa Cream. Diktarane reiste på turné med dikta sine, las dei opp på scenen i nattklubbar og pubar, gav dei ut på grammofonplater, ofte saman med musikk, og fekk dei først seinare trykte tradisjonelt i bøker.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Franks Casket på British Museum, besøkt 14. september2009
  2. The First Booke of Moses, called Genesis ved Wikisource.
  3. Paradise lost ved Gutenberg Project
  4. «Murdoch, Iris» (Philip's 2004) In World Encyclopedia. : Philip's, http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780199546091.001.0001/acref-9780199546091-e-7870.
  5. «Durrell, Lawrence» (Drabble, Stringer & Hahn 2007)
  6. «Johnson, Pamela Hansford», (Drabble, Stringer & Hahn 2007)
  7. Clapp, Susannah. He made us listen to ourselves more closely The Observer, 28. desember 2008

Litteraturliste

  • Drabble, Margaret; Stringer, Jenny; Hahn, Daniel, eds. (2007), The Concise Oxford Companion to English Literature, Oxford University Press 
  • Philip's (2004), World Encyclopedia 
  • «English literature», World Encyclopedia : Philip's, Oxford Reference, 2004. Vitja 21. mai 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Engelsk litteratur

Periodar