Engelsk madrigaltradisjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den engelske madrigaltradisjonen hadde ei intens blømingstid frå 1588 til 1627, ei tid som dekkjer dei siste åra av styringstida til Elisabeth I av England og heile styringstida til etterfølgjaren James I. Dei engelske madrigalane var for det meste a capella, og hadde frå tre til seks stemmer.

Stil og påverknad[endre | endre wikiteksten]

Det er mest truleg at madrigalen kom på moten i England gjennom Alfonso Ferrabosco, som var i England frå 1560-åra og frametter, og tente hjå Elisabeth. Her skreiv han mange madrigalar, og desse vart snart imiterte både i form og innhald. Men den nasjonale stilen blømde snart på eiga hand, mykje på grunn av den engelske sonetten, som kom i bruk på same tid. Det vart på moten å setja desse dikta til musikk. I 1588 gav Nicholas Younge ut samlinga Musica Transalpina, og denne vart umåteleg folkekjær. Ein reknar blømingstida for den engelske madrigalen frå dette året. I 1597 kom Younge ut med ei ny samling, i von om å få opp att suksessen. I den første samlinga var det mange italienske førelegg, etter Ferrabosco og Luca Marenzio, med engelsk tekst.

Komponistar[endre | endre wikiteksten]

William Byrd var den første engelskmannen som prøvde seg i sjangeren, men skreiv heller lite, og gjekk snart attende til kyrkjemusikken. Av dei meir produktive engelske madrigalistane elles, var John Wilbye, Thomas Morley og John Weelkes meir produktive. Morley var den einaste som sette musikk til William Shakespeare, etter det vi veit, sidan ein del har gått tapt. Stilen hans elles er lett, songbar og fengande, og er framleis populær i kor og mindre song-grupper. Wilbye var meir sofistikert, og nytta meir kromatikk i satsane sine.

Tekstane som vart nytta til madrigalar i England var elles ikkje så høglitterære som ein skulle tru. Mange av songane var vittige, små soger om kjærleik, og fulle av underforstått meining - nokre av dei kunne tolkast som direkte grove i samtida.

Utover på det tidlege 1600-talet gjekk interessa for madrigalar nedover. John Dowland skreiv fleire ayres for solosong og lutt, som og kan reknast til sjangeren, sidan dei kan framførast for fleirstemming kor. Elles reknar ein med at Orlando Gibbons var ute med svanesongen for den engelske madrigalen alt i 1612: The silver swan.

Nye og meir operatiske stildrag førte til at madrigalen gjekk av moten opp mot 1630, men Henry Purcell skal ha prøvd seg i sjangeren, og gjorde eit par retteleg gode songar. Elles må ein hugse at det samla tilfanget av engelske madrigalar er heller lite samanlikna med den store italienske produksjonen på same tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]