English Coast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
English Coast is located in Antarktis
English Coast
English Coast (Antarktis)

English Coast er den delen av kysten av Antarktis mellom nordenden av Rydberg Peninsula og Buttress Nunataks, på vestsida av Palmer Land. Lenger vest ligg Bryan Coast, og i nord går Rymill Coast aust for Alexander Island over George VI Sound. Denne kysten vart oppdaga og utforska i 1940 av Finn Ronne og Carl R. Eklund og frå lufta av andre medlemmar av East Base frå U.S. Antarctic Service (USAS), 1939–41. Han vart opphavleg kalla «Robert English Coast» etter kaptein Robert A.J. English, US Navy, administrasjonssekretær for USAS, 1939–41, og tidlegare kaptein på «Bear of Oakland» under Byrd-ekspedisjonen, 1933–35. Namnet vart sidan gjort kortare.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «English Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).


Koordinatar: 73°30′S 73°0′W