Engsmelle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Engsmelle | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Caryophyllales | |
| Familie: | Caryophyllaceae | |
| Slekt: | Silene | |
| Art: | S. vulgaris | |
| Vitskapleg namn | ||
| Silene vulgaris | ||
Engsmelle er ein fleirårig urt i nellikfamilien. Utbreidd i Europa, Asia og Nord-Afrika. Planta er kring 4 dm høg, snau og kålgrøn. Opprett mangeblomstra stengel. Innbøygde begertenner. Kronblad berre med to små bulkar på sida. Seks rette kapseltenner. Blømer kring juni månad. Veks i eng og vert rekna som ugras. Vanleg over det meste av Noreg, men sjeldan lengst i nord. Går opp på setrane. Funnen opp til 1330 m i Oppdal.
Kjelder[endre]
- Svensk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.