Engsoleie
| Engsoleie | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Ranunculales | |
| Familie: | Ranunculaceae Soleiefamilien | |
| Slekt: | Ranunculus Soleie | |
| Art: | R. acris | |
| Vitskapleg namn | ||
| Ranunculus acris
L., 1753
|
||
Engsoleie (Ranunculus acris), også kalla smørblom(e) og smørblomster, er ei svært vanleg plante i Noreg, og også vanleg elles i Europa. Her til lands veks ho i enger, kulturmark og frodig skogbotn, og finst til fjells opp i vierregionen. Planta er nasjonalblomst på Færøyane, med namnet sólja.
Den noko hårete 2-7 dm høge planta har 1-2,5 cm breie gule blomster med fem overlappande kronblad med litt glans. Ho blomstrar frå mai til oktober. Fruktemnet på engsoleia er apokarp, dvs. at det er sett saman av mange delar med kvart sitt arr. Talet på pollenberarar er også stort og ulikt frå plante til plante. Blada på planta er tre- til femdelte med store flikar.
Innhaldsliste |
Giftig[endre]
Om ein tek ei frisk engsoleie, vert ranunculin frå snittet brote ned til protoanetonin. Dette kan gi hudirritasjonar, og planta bør derfor handsamast med varsemd. Utturking fører til at gifta går vekk, slika at engsoleie i høy er ufarleg. Dyr på beite skyr engsoleia, som derfor vert ståande att på beitemarkane.
Formeiring[endre]
Engsoleia vert pollinert av mange ulike insekt, som teks. fluger, biller, humler og bier, etter som ho ikkje har nokon spesielle tilpassingar.
Referansar[endre]
Kjelder[endre]
- Wikipedia på norsk bokmål.
- Svensk wikipedia.
- Floraen i farger, Aschehoug, 3. opplag, 1970.