Enguresjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Enguresjøen
Stad Talsi fylke
Koordinatar 57°44′N 25°14′EKoordinatar: 57°44′N 25°14′E
Utsig Mersragakanalen
Tilsigsområde 644 km²
Tilknytte land Latvia
Største lengde 17,9 km
Største breidde 4,4 km
Overflateareal 40,46 km²
Middeldjupne 0,4 m
Største djupne 2,1 m
Vassvolum 0,0168 km³
Høgd over havet 3,2 m
Øyar 9 (størst: Liela sala, Apalrova, Kazrova)
Busetnadar Mersrags

Enguresjøen er ein innsjø i Latvia. Han ligg vest i landet i Talsi fylke og er den tredje største i Latvia etter Lubāns og Rāzna.

Enguresjøen var tidlegare ein lagune og er berre skild frå sjøen av ein 1,5 til 2,5 km brei sandbanke. Utsiget er den kunstige Mersragakanelen som vart grave ut i 1842. Innsjøen er eutrofisk og er stort sett overgrodd av siv. Han inneheld 16 fiskeartar.

Heile innsjøen og området rundt har vore ein del av Enguresjøen naturpark sidan 1999, men det første naturreservatet vart oppretta her i 1957. I innsjøen ligg det ei flytebrygge som ornitologar nyttar. Innsjøen vart ein del av Ramsarkonvensjonen si liste i 1995.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]