Enjambement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Enjambement, norsk uttale angsjambe'mang, kjem av fransk overskriding eller overgang og er ei nemning for at ein frase, ei setning eller ei ytring i eit dikt held fram i neste linje eller til og med i neste strofe. Ei norsk nemning er versebinding.

Enjambement blir brukt både i eldre og nyare lyrikk til å knyta linjene saman. Lesaren sine auge blir «jaga» frå linje til linje, noko som også kan skapa ei ubehageleg kjensle av uorden og uro. Ved å utsetja den fulle meininga, kan ein spela på nyfikne hos lesaren og skapa overraskande og somme tider humoristiske effektar. Enjambement blir også ofte brukt til å skapa ein særprega rytme til skilnad frå den naturlege talerytmen og til å framheva ord og uttrykk ved å la dei stå åleine på ei verselinje.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Henrik Wergeland brukte enjambement meisterleg, til dømes i første strofe av diktet Eivindvig frå 1832:

Ned med Seilet! ind fra Havet!
Ind hvor, under Sæd begravet,
drømmer stille Eivindvig!
Ind at see, om Rug og Havre
tør paa Fjeldets Branter klavre,
uden at forkjøle sig!

Her er andre og tredje linje knytte saman med enjambement, og vidare fjerde, femte og sjette linje. Verkemidlet er med og understrekar den dynamiske rørsla og friske entusiasmen som pregar dette hyllingsdiktet til prosten Dahl.


Den ekspresjonistiske lyrikaren Kristofer Uppdal brukar enjambement i dette utdraget av diktet Bloddrope-trall (1919):

Soleis er bloddrope-trallen
or den einaste vår,
som står
hjå deg ei stund,
ikkje lenger enn ein smil,
– ein bloddropetrallande smil.

Uppdal skaper med linjedeling, varierande linjelengd og innslag av bokstavrim og enderim sin særprega, frie rytme. Særleg på dei korte linjene blir visse ord og uttrykk framheva, og diktet tonar ut i det vemodige, tilbakeskodande uttrykket på siste linje, som blir ståande som ein slags konklusjon på heile diktet.


Ein liknande bruk av enjambement finn vi i utdraget av Olav H. Hauge sitt dikt No syng det atter (1961):

Men kva er mine ord?
Stormkrøkt skog
imot nord,
fjellgrindar
imot dags
herjande
eld.

Diktaren bryt her opp meiningane i stadig kortare linjer. På siste linje står berre det eine, korte ordet eld, som får si lading frå alt som er skrive før.


I dette utdraget frå diktet Flyktende ungdom (1942) spelar Claes Gill medvite på enjambement for å skapa overrasking:

Den store Jæger
på post
mønstrer i kjølig
ro sine hænder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]