Enkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Enke)
Gå til: navigering, søk
For fuglefamilien Viduidae, sjå enkjer.
Den unge enkja Margarita av Austerrike i sørgedrakt måla av Juan Bautista Martinez del Mazo (1666).

Ei enkje er ei attlevande gift kvinne som ektemannen har døydd ifrå. Av hokjønsordet er det laga ei tilsvarande nemning enkjemann om ein attlevande mann som kona har døydd ifrå.

Ordet «enkje» blir også brukt innan tyopgrafi.

Her Caudles som enkjemann. Frå Punch i 1866.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Det er vanlegare å vera enkje enn enkjemann. Dette heng saman med at menn i gjennomsnitt har lågare levelader enn kvinner, samstundes som kvinner ofte gifter seg i yngre alder enn menn. Samstundes har barsel tradisjonelt ført til at mange gifte kvinner har døydd frå mennene sine.

Det å bli enkje eller enkjemann medfører tap av ein livsledsagar, og kan føra til einsemd og ei vanskeleg økonomisk stilling. Samstundes kan det vera ein måte for ei kvinne å få sjølvstende på i eit patriarkalsk samfunn. Ei enkjefrue har gjerne ei friare og meir respektert stilling enn ei einsleg ugift kvinne.

Ung mann som har brukt opp formua si gifter seg med ei rik eldre enkje. Satirisk måleri av William Hogarth.

Gjengifte[endre | endre wikiteksten]

Særleg om det er vanleg for godt vaksne menn å gifta seg med ungjenter, eller i samfunn med mykje vald som til dømes krig, kan ein få svært mange enkjer. I fleire samfunn løyste ein problemet med at desse ikkje kunne forsørga seg sjølv ved at dei gifta seg opp att, gjerne med ein slektning av mannen, eller kanskje med ein yngre mann som gjerne ville ha eigedommen eller stillinga det medførte å gifta seg med ei eldre enkje.

Det var lenge vanleg innan jødedommen at brør til avdøde menn gifta seg med enkja hans. Men det kan også vera tabu for ei enkje å gifta seg opp att, til dømes innan tradisjonell hinduisme.

Ordsoge og andre tydingar[endre | endre wikiteksten]

Ordet enkje har samanheng med talordet ein og enkel. Det norrøne ordet var ekkja, medan bokmålsordet enke kjem frå dansk.

Ei grasenkje eller ein grasenkjemann er ein gift persom som ektefellen er bortreist frå.

Typografi[endre | endre wikiteksten]

Det er ikkje rekna for å vere
god typografi å lemne stutte
ord som «enkjer» på slutten av
eit avsnitt. Dette gjeld spesielt
om «enkja» skyldast ei orddel-
ing.

I typografien bruker ein nemninga enkje om svært stutte ord eller orddelar som vert ståande åleine på ei line i slutten av eit avsnitt; dette er ikkje rekna for å vere god typografi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Enkje