Enkeltbekkasin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Enkeltbekkasin

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Commonsnipe67.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Scolopacidae
Slekt: Gallinago
Art: G. gallinago
Vitskapleg namn
Gallinago gallinago
Enkeltbekkasin
Namn på andre språk
Svensk Enkelbeckasin
Dansk Dobbeltbekkasin
Engelsk Snipe, Common Snipe
Tysk Bekassine
Fransk Bécassine des marais
Spansk Agachadiza, agachadiza común
Russisk Bekas (Бекас)

Enkeltbekkasin (Gallinago gallinago) er ein mellomstor vadefugl med eit langt nebb. Han er om lag 25 – 27 cm lang og om lag 110 g tung. Fjørdrakta har 4 lyse lengdestriper på rygg sida og er brunspragla. Enkeltbekkasinen har rein og kvit buk og stjerten er nesten utan kvit, som gjer at den skil seg frå dobbeltbekkasinen, som han er svært lik.

Om du skremmer ein enkeltbekkasin høyrer du eit hêst «tschær» idet den flyg av garde. Oppflukta skil seg også frå dobbeltbekkasinen. Medan dobbeltbekkasinen flyg rett fram, flyg enkeltbekkasinen i ei helt tilfeldig retning. Dei fleste kjenner igjen denne fuglen med hannen sitt fluktspel i hekkesesongen. Når fuglen skal markere området sitt, vibrerer han med dei ytre stjert fjøra sine i tillegg til ein mekrande lyd. Når enkeltbekkasinen markerer området sitt, seier vi at han «mekregaukar».

Innhaldsliste

[endre] Global utbreiing

Arten hekker i eit breidt belte rundt heile den nordlege delen av kloden. Ein deler enkeltbekkasinen opp i ulike underartar med mellom anna G. g. faeroensisIsland og Færøyane, og G. g. delicata i Nord-Amerika. Fuglen hekker i store deler av Europa unnateke i søraust, men er klart meir talrik i nord. Særleg Island, Sverige og Finland har store bestandar.

[endre] Norsk utbreiing

Enkeltbekkasinen er ein av dei vanlegaste trekkfuglane som treffast frå kysten og heilt opp til dei mellomalpine områda. Den er spesielt knytt til opne og fuktige område, men likar seg også godt i ope skog.

[endre] Forplanting

Hannen er på hekkeplassane ganske tidleg på våren og forsvarar området sitt ovanfor andre hannar. Reiret er lagt i ei enkel grop i bakken, og er laga av strå og blad. Hoa legg 4 egg som blir lagt i mai-juni og blir ruga i 18-20 døger. Ungane forlet reiret rett etter klekkinga. Foreldra fordelar ungane mellom seg, og dei fyrste dagane fôrar foreldra dei. Ungane kan fly etter 20 dagar.

[endre] Føde

Enkeltbekkasinen et fyrst og fremst makk, men et også insekt og andre smådyr. Kan også ete ein del frø.

[endre] Trekk og overvintring

Våre hekkefuglar overvintrar spesielt på dei britiske øyane og i Frankrike/Portugal. Om det er milde vintrar i Noreg, overvintrar han på kysten i dei sørlege delane. Enkeltbekkasinen er tilbake allereie i mars/april. Lenger nord og i fjellområda er dei vanlegvis ikkje tilbake på området deira før like før at hoa legg egg i slutten av mai.

[endre] Bakgrunnsstoff og kjelder

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Enkeltbekkasin
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk