Enkrinittkalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Enkrinittkalk er eit opptil 40 meter tjukt lag av kalkstein med yngste mellomordovicisk alder i strøket LangesundGjerpen. Han vert òg kalla steinvikskalk etter Steinvik sørvest for Langesund.

Enkrinittkalken inneheld rikeleg av sjøliljestilkar (enkrinittar) og kan vere ein ganske rein kalkstein med opptil 96 % kalsiumkarbonat. Han blir brote i stor utstrekking til industrielt bruk (mellom anna til fabrikasjon av sement) ved Dalen gruve, ved Bjørntveit og Kjørholt kalksteinsbrudd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]