Enoch Powell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Enoch Powell

Enoch Powell (16. juni 19128. februar 1998) var ein britisk konservativ politikar som sat i parlamentet frå 1950 til 1987, og var helseminister frå 1960 til 1963. Powell var ein kontroversiell politikar med sterke meiningar, og er best kjend for ettertida for Rivers of Blood-talen sin, som gjekk til åtak på innvandringssynet til dei britiske styresmaktene. Talen skapte store reaksjonar, og førte til at han mista plassen sin i skuggekabinettet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

John Enoch Powell var fødd i Birmingham som son av Ellen Mary Powell, fødd Breese, og Albert Enoch Powell, ein rektor av walisisk opphav. Familien flytta til Kings Norton i 1918, då Powell var seks. Han utmerkte seg som elev ved King Edward's School i Birmingham og studerte frå 1930 ved Trinity College i Cambridge. Også her fekk han særs gode resultat i faga sine, latin og gresk. Han lærte også urdu.

Powell blei utnemnd til professor i gresk ved Universitetet i Sydney i 1937, berre 25 år gamal, men forlet Australia så snart andre verdskrigen braut ut for å verva seg som soldat. Han vart først send til Nord-Afrika og seinare til India. I løpet av krigen blei han forfremma ei rekke gonger, og frå å ha verva seg som meinig ende han opp som brigader.

I 1952 gifta Powell seg med Margaret Pamela Wilson. Dei fekk to døtrer, fødde i 1954 og 1956.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen gjekk Enoch Powell inn i politikken for dei konservative, og blei vald inn i parlamentet frå eit valområde i Wolverhampton i 1950. Han peika seg ut som ein god talar, mellom anna levande engasjert i kva det ville seia å vera britisk.

Han hadde lågare postar i regjeringa frå 1955, og blei utnemnd til helseminister i juli 1960. Her hadde han mellom anna ansvar for å bygga ned stor sinnsjukehus til mindre, lokale einingar. I 1965 stilte han som kandidat i det første konservative valet på partileiar, men kom på tredjeplass. Den nye leiaren Edward Heath utnemnde Powell til forsvarsminister i skuggekabinettet sitt.

20. april 1968 heldt Powell talen han er blitt best kjend for i ettertid. Her snakka han om frykta mange kvite britar hadde mot mørkhuda innvandrarar frå elles i det britiske samveldet. Særleg hadde han imot den nyleg vedtekne loven Race Relations Act, som gjorde det forbode å diskriminera nokon frå husvære, jobbar eller offentlege tilbod på grunnlag av etnisitet eller nasjonalitet. I talen siterte han anonyme urolege britar, spådde at tilhøvet mellom ulike folk ville bli meir anstrengt og at 10 % av alle britar ville vera mørkhuda i 2000 (7,9&nbps;% sa dei var frå ein etnisk minoritet i den britiske folketeljinga i 2001). og viste til eit Vergil-sitat då han sa at «Like the Roman, I seem to see 'the River Tiber foaming with much blood'.» For folk som ikkje kjende opphavet til sitatet høyrdest dette sjokkerande ut, og talen er sidan blitt kjend som «Rivers of blood».

Mange kritiserte Powell for å vera ein rasist og ha auka rasemotsetningar i samfunnet. Partileiaren Heath gav Powell avskjed frå skuggekabinettet, men Powell fekk stor støtte frå arbeidarar og andre. Han fekk likevel aldri nokon høgare post i politikken igjen.

Han var òg kraftig motstandar av at India skulle få sjølvstende, men i eit inetrvju med BBC på 1980-talet innrømte han at han hadde teke feil på dette området [treng kjelde].

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I ettertid er Powell og talen hans blitt eit symbol for ytste høgre i britisk politikk. «Enoch was right» er ei populær utsegn frå folk som meiner at motsetningane han spådde om, er blitt verkelege.

Powell er også blitt nemnd i britiske fleirkulturelle verk, som filmen East is East, The Buddha of Suburbia av Hanif Kureishi og White Teeth av Zadie Smith.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Enoch Powell