Enok Palm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Enok Palm
Fødd5. desember 1924
Kristiansand kommune
Død31. august 2012
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Noregs tekniske høgskole
Alma materUniversitetet i Oslo
DoktorgradsrettleiarVilhelm Bjerknes
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Norges Tekniske Vitenskapsakademi

Enok Johannes Palm (fødd 5. desember 1924 i Kristiansand) er ein norsk matematikar.

Han tok doktorgraden i 1954 ved Universitetet i Oslo og vart fast tilsett der frå 1955. Frå 1963 til 1994 var han professor i bruksmatematikk ved universitetet.

Palm har forska på energitransport (fluks) i atmosfæren (Eliassen-Palm fluks), og ikkje-lineære fenomen i væske- og luftstraumar drivne av temperaturskilnader (termisk konveksjon). Forskinga hans på bølgjekrefter har vore viktig for offshoreindustrien.

Palm var formann i Norsk geofysisk forening frå 1958 til 1960, medlem av Geofysisk kommisjon 1960–1961 og styremedlem i Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1968 til 1974 og formann og viseformann i den matematisk-naturvitenskapelege klassen frå 1985 til 1990. Han var styremedlem i Norges tekniske-naturvitenskapelige forskningsråd (NTNF) 1969–1972. 1980–1983 var han med i den ekspertkomiteen som fekk i oppdrag å planlegge og gje råd ved snuoperasjon av den havarerte plattforma Alexander Kielland. Arbeidet deira var avgjerande for den vellukka snuoperasjonen som følgde.

Palm vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1959 og av Norges Tekniske Vitenskapsakademi i 1961. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]