Enontekiö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Enontekiö (fi.)
Eanodat (nords.)
Våpen Kart
Enontekiön vaakuna Kart
Fakta
Len: Lapplands län
Landskap: Lappi
Flatevidd (landjord): 8463,59 km²
Innbyggjartal: 2 000 (31.12.2005)
Folketettleik: 0,3 innb./km²
Postnummer: 99300 - 99490
Retningsnummer: 016
Ordførar: Pentti Keskitalo, rådmann
Aarne Kultima, kommunestyre
Språk: Finsk og nordsamisk
Heimesida til kommunen


Enontekiö (nords. Eanodat, enaresamisk Iänudâh, sv. Enontekis) er ein kommune i Lapplands län i Finland. Kommunen er tospråkleg med finsk som majoritetsspråk og nordsamisk som minoritetsspråk.

Kommunen er forma som ein slags arm som strekkjer seg nordvestover frå resten av Finland. Han grensar til Sverige (Kiruna) i sørvest og Noreg (Kåfjord og Kautokeino) i nord og nordaust. Det er her at grensene mellom dei tre landa Finland, Sverige og Noreg møtest.

Administrasjonsstad og største tettstad er Hetta (nords. Heahttá, d.s. som det vanlege nords. etternamnet Hætta) som har om lag 800 innbyggjarar. Den nordvestlegaste tettstaden i Finland, Kilpisjärvi, ligg like ved norskegrensa. På grunn av prisskilnaden mellom Noreg og Finland kjem mange nordmenn hit for å handla. Kaaresuvanto er ein annan viktig tettstad som ligg like ved grensa til Sverige.

Kommunen husar både det høgaste fjellet i Finland, Haltiatunturi (nords. Halditjåkko), på 1 328 m, og den største fossen i landet, Pihtsusköngäs.

Enontekiö blei skapt i 1747 då han blei delt ut frå soknet Jukkasjärvi. Under freden i Fredrikshamn i 1809 blei han delt i den noverande finske kommunen aust for elvane Muonionjoki og Tornionjoki, og den svenske kommunen Karesuando som i dag er ein del av Kiruna.

Kjende folk frå Enontekiö[endre | endre wikiteksten]


Kommunar i Lapin läani
Enontekiö | Inari | Kemi | Kemijärvi | Keminmaa | Kittilä | Kolari | Muonio | Pelkosenniemi | Pello | Posio | Ranua | Rovaniemi | Salla | Savukoski | Simo | Sodankylä | Tervola | Tornio | Utsjoki  | Ylitornio

Landskap i Finland | Len i Finland