Enrico Berlinguer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Enrico Berlinguer (25. mai 192211. juni 1984) var ein italiensk politikar, og han var generalsekretær i Det italienske kommunistpartiet, Partito Comunista Italiano, frå 1972 til sin død.

Berlinguer var fødd i Sassari, på Sardinia. Han gjekk inn i kommunistpartiet og den antifascistiske motstandsrørsla i 1943. Han vart vald inn i sentralkomiteen i partiet i 1945 og i sekretariatatet året etter. I 1947 vart han leiar for ungkommunistane.

Etter invasjonen i Tsjekkoslovakia i 1968 vart han svært kritisk til Sovjetunionen. Som partileiar var han kjend som den mest uavhengige av dei europeiske kommunistleiarane. Han leidde partiet ved valet i 1976, då det fekk meir enn 30 % av stemmene, og gjekk inn for eit «historisk kompromiss» mellom dei to store i italiensk politikk, kommunistpartiet og kristelegdemokratane (DC). Han hadde drege den slutninga av kuppet mot Salvador Allende i Chile i 1973 at berre venstrekreftene i PCI og sosialistpartiet PSI var for veike til åleine å halde seg ved makta over tid. Eit kompromiss med kristelegdemokratane, som dominerte politikken ved hjelp av den katolske kyrkja, var derfor naudsynleg. Men paven (Paul VI) sette seg beint imot alt samarbeid mellom DC og kommunistane, det same gjorde USA, så dette vart ikkje noko av. Då dei Raude Brigadane drap kristelegdemokraten Aldo Moro, som for øvrig var for samarbeid med kommunistane, sette den politiske spenning bom for idéen. Berlinguer var elles ein hard motstandar av dialog mellom det politiske livet og terroristane.

I 1975 foreslo Berlinguer overfor dei kommunistiske partia i Spania og Frankrike ei uavhengig linje i forhold til Sovjetunionen. Dette vart eurokommunismen, og dei tre partia kritiserte etter dette ikkje berre utanrikspolitikken men òg innanrikspolitiske tilhøve i dei kommuniststyrte landa i aust. I 1976 gjekk Berlinguer ope inn for eit pluralistisk system, og i 1981 erklærte han i eit intervju at epoken som starta med den russiske revolusjonen no var over.

Berlinguer døydde brått av hjarteattakk rett før valet til Europaparlamentet i 1984, der PCI fekk 33,3 % av stemmene, medan DC fekk 33,0.

Enrico Berlinguer meinte sidan slutten av 1960-åra at den sovjetiske samfunnsmodellen ikkje kunne innførast i vestlege land, og invasjonane i Tsjekkoslovakia i 1968 og i Afghanistan i 1979 viste etter hans syn at Sovjetunionen alltid sette eigne geopolitiske interesser føre sosialistiske prinsipp. Han sette òg i gang ei politisk utvikling i PCI som gjorde at partiet vart integrert i det politiske livet i Italia, også som regjeringsparti, i 1990-åra – under namnet Demokratisk Venstreparti.

Enrico Berlinguer har ein spesiell plass i historia til kommunismen, på grunn av den uavhengige linja han følgde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Enrico Berlinguer