Enrico Caruso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Caruso.

Enrico Caruso (25. februar 18732. august 1921) var ein verdskjend italiensk operatenor. Han opptrådde ved store operahus i Europa og Amerika med rollar hovudsakleg frå fransk og italiensk opera. Caruso gjorde også rundt 290 opptak som blei gjevne ut på grammofon mellom 1902 og 1920.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Errico Caruso var født i Napoli i ein lite velståande familie der faren var metallmekanikar og mora vaskedame. Han var den tredje av sju ungar. Errico gjekk på skulen men slutta i tiårsalderen for å bli lærling hjå ein fontenemekanikar, og arbeidde seinare òg saman med faren. Mora insisterte på at han skulle fortsetja utdanninga, og han gjekk på kveldsskule og fekk noko opplæring av ein prest. Mora Anna Baldini Caruso døydde i 1888. Kort tid seinare gifta faren Marcellino seg på nytt med Maria Castaldi.

Caruso song også i kyrkjekoret og viste seg å ha ein imponerande stemme. Han byrja opptre som gatesongar, på kafear og småkonsertar, og fekk opplæring i stemmebruk frå han var 16. Songlæraren hans, Guglielmo Vergine, føreslo at han skulle endra den lokale forma av namnet sitt, Errico, til den standard italienske Enrico.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]