Ensomheden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Ujedinenija i Karahavet.
Uedineniya.PNG

Ensomheden eller Ujedinenija (russisk Oстров Уединения) er ei øy i Russland i Karahavet. Ho ligg om lag midt mellom Novaja Zemlja og Severnaja Zemlja ved 77° 29' N og 82° 30' E.

Øya er aude og islagd, men om sommaren er det noko tundravegetasjon. Ho har ei lengd på 18,5 km og eit areal på 202 km². Samanlikna med andre arktiske øyar er ho flat og lågtliggande med nokre myrer og små innsjøar. Det høgaste punktet på øya er berre 30 meter over havet. Nordaust på øya ligg ei lang landtunge.

Sidan ho ligg så langt nord er vêret hardt og forblåst og havet omkring er fylt av pakkis om vinteren. Det er òg mykje isflak i havet omkring om sommaren.

Det er isbjørn, kvalross og sel, samt mange forskjellig fugleartar på øya.

Den næraste landområdet er Izvestij TSIK-øyane, som ligg om lag 150 km mot søraust.

Ensomheden høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den norske oppdagaren kaptein Edvard Holm Johannesen frå Tromsø gav øya det poetiske namnet på grunn av den avsidesliggande plasseringa då han oppdaga ho 26. august 1878.

Den sovjetiske polfararen professor V. Yu. Vize meinte at det var eit stort grunt område og kanskje fleire uoppdaga øyar nær Ensomheden basert på andre observasjonar frå andre polfararar. Under sin eigen ekspedisjon til Frans Josefs land med isbrytaren «Malygin» i 1931 håpte han å utføre oseanografiske undersøkingar nord i Karahavet, men professor Vize kom ikkje så langt på grunn av store mengder havis. Seinare ekspedisjonar og satellittbilete viste at det ikkje var andre øyar i nærleiken av Ensomheden.

Ein halsvirvel av ein plesiosaur (Plesiosaurus latispinus) vart oppdaga på øya under ein ekspedisjon i 1930-åra. Han vart studert av den sovjetiske paleontologen A. N. Rjabinin.

Under den andre verdskrigen var det ein liten polarstasjon på Ensomheden bygd av Sovjetunionen. 8. september 1942 kom den tyske ubåten U-251 (kapteinløytnant Timm) til overflata nær øya og øydela den vesle bygningen til vêrstsajonen og garnisonen om bord avfyrte granatar mot øya. Dette var ein av dei siste handlingane til Kriegsmarine under Operasjon Wunderland. Polarstasjonen vart bygd opp att under den kalde krigen, men vart forlatt i 1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Uyedineniya Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • R. Samoilovitsj, Exploration of the Polar Part of U.S.S.R. in 1934 and the Sedov expedition.
      • Albert Hastings Markham. Arctic Exploration, 1895.
      • A.N. Rjabinin, On new discoveries of Plesiosauria in the Soviet Arctic and of a centrum of a cervical vertebra of Plesiosaurus latispinus Owen from the Lonely island in the Karahavet (Russland); Problems of the Arctic AARI, Leningrad; 1939
      • L. Peillard, Geschichte des U-Bootkrieges 1939−1945. 1970.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 77°29′N 82°28′E