Entends-tu les chiens aboyer ?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Entends-tu les chiens aboyer?
Filmmusikkalbum av Vangelis
Utgjeve 1975
Innspelt Paris
Sjanger Elektronisk
Lengd 39:39
Selskap Disques Barclay
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi 
L'Apocalypse des animaux
(1973)
Entends-tu les chiens aboyer? Heaven and Hell
(1975)


Entends-tu les chiens aboyer? eller Can You Hear the Dogs Barking? eller Ignacio er eit filmmusikkalbum av den greske musikaren Vangelis, gjeve ut i 1975. Albumet er gjeve ut med tre forskjellige titlar, men ingen av dei nyttar den korrekte filmtittelen som er No Oyes Ladrar los Perros?. Platene med dei forskjellige titlane hadde òg forskjellig plateomslag.

Musikken var laga for ein meksikansk film med same namn av Francois Reichenbach og var det siste Vangelis spelte inn i Paris før han flytta til London og oppretta sitt eige studio der.

Det finst to forskjellige versjonar av albumet. Halvvegs gjennom albumet er det ein særs hurtig song, som opptrer samstundes med ein marerittscene i filmen, og det finst to forskjellige miksar av denne songen på forskjellige utgåver av albumet. Albumet er ikkje inndelt i forskjellige spor. Somme CD-utgåver har to spor, medan andre berre har eitt einaste 39 minuttar langt spor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk er komponert av Vangelis.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Entends-tu les chiens aboyer? (Part 1)»21:21
Side to
Nr.TittelLengd
2.«Entends-tu les chiens aboyer? (Part 2)»18:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Vangelis - synthesizer, orgel, perkusjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]