Entertainment Software Rating Board
Entertainment Software Rating Board (ESRB) er eit føretak som set aldersgrenser på dataspel og anna programvareunderhalding i Canada, Mexico og USA. Det vart etablert i 1994 av Entertainment Software Association.[1] Systemet svarar til PEGI, som blir brukt for å klassifisere dataspel i Europa.
Aldersmerke [endre]
ESRB bruker stiliserte bokstavar for å indikere kven eit spel passar for:
EC (Early Childhood) gjeld spel som passar for dei aller minste, medan E (Everyone) tillèt mild vald av den typen ein finn i teiknefilmar. E 10+ (Everyone 10+) svarar til aldersgrense 10 år og T (Teen) 13 år og oppover. M (Mature) svarar til aldersgrense 17 år og krev at ein mindreårig har følgje av ein vaksen for å kunne kjøpe spel med denne aldersgrensa. AO (Adults Only) svarar til aldersgrense 18 år og mindreårige er ikkje tillatne å kjøpe spel med dette merket.
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- ↑ About ESRB - ESRB.org