Eoarkeikum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eoarkeikum
3800 - 3600 million år sidan
Geologiske periodar
sjå • diskuter • endre
-4500 —
-4000 —
-3500 —
-3000 —
-2500 —
-2000 —
-1500 —
-1000 —
-500 —
0 —
Skala:
Millionar år sidan

Eoarkeikum er ei geologisk æra som svarer til perioden som starta for 4,0 milliardar år sidan og varte til 3,6 milliardar år sidan.

Æraen hadde ikkje tidlegare eit offisielt namn og vart ofte berre kalla tidleg arkeikum, som òg omfatta den seinare æraen paleoarkeikum. Han er den første perioden av eonet arkeikum og kjem etter det «uoffislle» eonet hadeikum då Jorda stort sett hadde flytande overflate. Etter eoarkeikum kjem æraen paleoarkeikum.

International Commission on Stratigraphy har enno ikkje fastsett den nedre grensa for æraen, men dei har mellombels plassert den nedre grensa på 4000 millionar år sidan.[1] Dei har heller ikkje offisielt godkjend hadeikum som offisielt eon.

Namnet kjem av dei to greske orda: eos (grying) og arkhios (gammal). Det første superkontinentet Vaalbara oppstår rundt slutten av denne perioden, for rundt 3600 millionar år sidan.

Dei eldste bergartformasjonane på jorda, Isua-grønsteinen, er òg frå denne æraen, for om lag 3,8 milliardar år sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ICS
Arkeikum
Eoarkeikum Paleoarkeikum Mesoarkeikum Neoarkeikum