Eoin Colfer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Eoin Colfer (født 14. mai 1965) er ein irsk barnebokforfattar. Han er mest kjend for å ha skrevet serien om Artemis Fowl.

[endre] Liv

Eoin Colfer vaks opp i Wexford, ein liten by ved sørkysten av Irland, saman med sine fire brødre, Paul, Eamon, Donal og Niall. Faren hans var ein barneskulelærer, artist og historikar. Mora hans var dramalærar. På barneskulen oppdaga han at han likte å skrive historiar. Han teikna teikningar til det han skreiv. Han laga og skodespel. Mest om vikingane, der han bruka venane sine i historiane, og var sjølv helten. Venane var ikkje imponert, for historiane var brutale, og det var berre helten som overlevde.

I 1986 vart han barneskulelærar, slik som sin far. Sjølv om han no var lærar, fortsette han med skrivinga si på fritid. I 1991 gifta han seg med Jackie, som han møtte i sitt femte år på universitetet. No lev de saman med sønene deirra, Finn og Seán.

[endre] Bøker

I 1998 gav han ut si fyrste bok Benny og Omar som vart ein bestseljar i Irland, men det var fyrst då han skreiv Artemis Fowl han vart kjend på internasjonalt nivå. Boka vart umiddelbart ein internasjonal suksess. Boka vart nominert til Withbread-prisen for årets beste barnebok, og skal nå verte film. Sjølv beskriv Eoin Colfer Artemis Fowl-bøkene som "Die Hard i alveland".

Personlege verktøy