Eokambrium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eokambrium er eit omgrep for dei berglaga ein finn i Skandinavia og Arktis mellom grunnfjellet og det fossilførande kambrium. Omgrepet vart innført av Waldemar Christofer Brøgger.

Det finst to delar av eokambrium og desse er skild frå kvarande med ein diskordans. Den yngste delen ligg nedst og her finn ein ofte eit morenekonglomerat kalla tillitt. I Noreg finn ein dette i Finnmark og områda kring Mjøsa og viser at det må ha vore ei istid i denne perioden. Denne istida vert kalla Varangeristida. Dei første spora etter denne istida vart påvist av Hans Henrik Reusch i Finnmark i 1896 og er seinare kjend frå Arktisk, Afrika, India, Kina og Sibir.

Tidlegare vart eokambrium oppfatta som eit eige system, men vert no berre nytta som eit lokalt omgrep på tida då sparagmittavleiringane vart avsett i Noreg, og er det same som seinprekambrium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«eokambrium» i Store norske leksikon, snl.no.