Eolisk landform

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eoliske danningar)

Eoliske landformer er landskapstrekk som anten er skapt av den eroderande eller byggande effekten til vind. Denne prosessen skjer ikkje berre på jorda, men er òg observert på andre planetar, som Mars.[1]

Terminologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet kjem frå Æolus, den greske vindguden, og sonen til Helen og nymfa Orseis, og bror til Dorus, Xuthus og Amfiktyon.[2]

Mekanisme[endre | endre wikiteksten]

Sand som bles frå ryggen av Kelso Dunes i Mojaveørkenen i California.

I eoliske prosessar transporterer og avset vinden sedimentpartiklar. Eoliske landskapsformer oppstår i område der vinden er hovudårsaka til erosjon. Partiklane som vert avsette har storleik som sand, silt og leire. Partiklane vert innblanda i lufta i ein av fire prosessar. Kryping skjer når partiklane rullar eller glir langs overflata. Løfting skjer når ein partikler stig opp frå overflata på grunn av Bernoullieffekten. Om luftstraumen er turbulent vil større partiklar verte transportert i ein prosess kalla saltasjon. Støyttransport skjer når ein partikkel i rørsle treff ein annan partikkel, slik at den andre partikkelen flyttar seg.[2]

Erosjonslandformer[endre | endre wikiteksten]

Vinderoderte landformer vert sjeldan bevarte på jordoverflata utanom i tørre regionar. Andre stader vil vatn på overflata vaske bort dei eoliske landformene. Det finst fleire typar landformer som er tilknytte erosjon: ventifaktar, yardangar og tørre innsjøar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L. Archie, Ms. Deithra. «Aeolian Processes and Landforms» (PDF). New Mexico State University. s. 2. Arkivert frå originalen (PDF) 22. november 2010. Henta 23. november 2013. 
  2. 2,0 2,1 «Aeolian landform». The Canadian Encyclopedia. Arkivert frå originalen 17. august 2007. Henta 23. november 2013.