EpiPen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

EpiPen (og EpiPen Jr.) (varemerke) er autoinjektorar ferdig fylte med ein viss mengde adrenalin til bruk ved alvorlege anafylaktiske reaksjonar. Personar som har hatt anafylaktiske reaksjonar kan utstyrast med dette hjelpemiddelet, slik at dei har det tilgjengeleg ved behov. Autoinjektorane leverer automatisk ein bestemt dose adrenalin til kroppen, i dette tilfellet 0,3 mg for EpiPen og 0,15 mg for EpiPen Jr. som er tilpassa små born opp til 15 kg. Desse må kjøpast på apotek, det krevst resept frå lækjar.