Epilimnion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Epilimnion er det øvste laget i ein termisk lagdelt innsjø under ein sommarstagnasjon. Laget ligg over det djupare hypolimnion. Det er varmare og har typisk høgare pH, men mindre oppløyst oksygen enn hypolimnion.

Tjukkleiken på dette vasslaget vert i hovudsak bestemt av det arbeidet vinden kan utføre på vassflata. Det er òg fri utveksling av gassar mellom vatnet og lufta i dette laget. Sidan laget òg får mest sollys, inneheldet det mest planteplankton. Når dei veks og reproduserer seg, tar dei opp næringsstoff i vatnet, og når dei døyr søkk dei ned i hypolimnion, som gjer at epilimnion vert tømd for næringsstoff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]