Epimethevs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Saturnmånen Epimetheus

Epimethevs var ein av titanane i gresk mytologi. Han var son av Iapetos og bror til Prometevs og Atlas; «Epimethevs» (Επιμηθεύς) er gresk for «etterpåklokskap».

Han var ansvarleg for å gi ein positiv eigenskap til alle dyr, men når turen kom til mennesket var det ingenting igjen å gi. Broren Prometevs stal då eld frå Zevs og gav til menneska. Som straff skapte Zevs Pandora til Epimethevs, vel vitande at han ville forelske seg i henne tross åtvaringane frå den smartare broren. Prometevs sa til Epimethevs at han aldri måtte ta imot gåver frå dei olympiske gudane («Prometevs» tyder «forsyn»).

Epimethevs og Pandora var gift. Pandora fekk ei eske frå Hermes og hadde fått beskjed om at ho aldri måtte opne henne. Men, Hermes gav Pandora au nysgjerrigheita, og ho opna eska likevel, og dermed slapp ho ut alle problema til menneskeslekta. Ho lokte eska akkurat i tide til å halde ein siste ting igjen, håpet. Så i vonde tider har alltid menneska von.

Dattera til Epimethevs og Pandora var Pyrrha, som gifta seg med Deucalion og var ein av dei to som overlevde flaumen.