GNOME Web

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Epiphany)
GNOME Web


UtviklarThe GNOME Project, Marco Pesenti Gritti
Utgjeve24. desember 2002[1]
Nyaste versjon45.1 (6. november 2023)[2]
OperativsystemGNU/Linux, BSD, macOS
Skrevet iC
Typenettlesar
LisensGPL-3.0+
Nettstadhttps://apps.gnome.org/Epiphany

GNOME Web er ein nettlesar, også kjent som Epiphany. Han er standard nettlesar for skrivebordsmiljøet GNOME, men er og tilgjengeleg for MacOS. Epiphany er etterfølgjaren til Galeon.

GNOME Web nyttar Webkit-motoren for å syne nettsider. Epiphany støttar fanebasert surfing, cookie-handtering, popup-blokkering og eit utvidingsystem. Vanlege utvidingar er tilgjengelege med programvarepakka epiphany-extensions.

Medan dei fleste nettlesarar har eit hierarkisk katalogbasert system for favorittar, nyttar GNOME Web kategoriserte favorittar, der ein enkelt favoritt kan eksistere i fleire kategoriar. Spesielle kategoriar inkluderer favorittar som vert ofte nytta og bokmerke som enno ikkje har blitt kategoriserte. Eit liknande favoritt-system er planlagt for Firefox 3.0.

GNOME Web vart utvikla frå Galeon av Marco Pesenti Gritti som og starta Galeon-prosjektet. Målet med GNOME Web er å lage et fullstendig GNOME tilpassa nettlesar med ein enkel brukaroppleving. Som eit resultat har ikkje GNOME Web eigne tema-innstillingar. Som Firefox nyttar det GNOME sine innstillingar som er spesifiserte i GNOME Control Center.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]