Epiphone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Epiphone


Skipa1873
EigarGibson Guitar Corporation
MorselskapGibson Guitar Corporation
HovudkontorNashville
LandUSA
Produktelektrisk gitar, stålstrengsgitar, bassgitar
Nettstadhttps://www.epiphone.com/en-US/ (engelsk)

Epihone er ein gitarfabrikant som vart kjøpt opp av Gibson på slutten av 1950-talet. I dag er Epihone ein av gitartypane til Gibson. Epiphone var då ein av Gibson sine argaste konkurrentar på denne typen gitarar med bua topp. Epiphone laga òg bassgitarar, banjoar og andre strengeinstrument. Etter Andre verdskrig vart selskapet kraftig svekka, noko som gjorde at Gibson etter kvart kunne kjøpe dei opp.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Historia om Epiphone går tilbake til 1870-talet i Smyrna i Tyrkia, der den greske grunnleggaren Anastasios Stathopoulos laga sine eigne feler, luttar og Lioutoar. Stathopoulos flytta til USA i 1903, og heldt fram med å lage sine eigne instrument, i tillegg til mandolinar, frå New York City. Anastasios døydde i 1915, og son hans, Epaminondas, tok over. Etter to år vart selskapet kalla The House Of Stathopoulos.

Like etter Første verdskrig starta selskapet å lage banjoar. Selskapet skifta namn til Epiphone Banjo Company i 1928, og same året starta dei produksjonen av sine første gitarar. Epi Stathopoulo døydde i 1943. Uheldigvis gjekk selskapet over til brørne hans, Orphie and Frixo, som ikkje hadde det som skulle til for å drive eit selskap, og i 1951, etter ein fire månadar lang streikeaksjon, flytta selskapet frå New York til Philadelphia. Selskapet vart kjøpt opp av sin argaste komponent, Gibson, i 1957.

Frå tidleg på 1970-talet vart Epiphone-gitarar laga i Japan, og frå 1980-talet i Korea, og dei siste åra frå Kina.

Casino[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjende Epiphone-modellen etter at Gibson tok over er Casino. Casino har same forma som ein Gibson ES-330 gitar. Han har ein svært tung lyd, og skal vere ein svært god rytmegitar.

Casion er mest kjend for å vere brukt av The Beatles, først av Paul McCartney i 1964. To år seinare hadde både John Lennon og George Harrison kvar sin Epiphone Casino frå 1965.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Epiphone