Ípiros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Epirus)
Ípiros
Ήπειρος
Plasseringa til Ípiros i Hellas
 
Land: Hellas
Hovudstad: Ioánnina
Periferieiningar: Ioánnina
Árta
Préveza
Thesprotía
Folketal: 336 856 (2011[1])
Areal: 9 203 km²
Folketettleik: 37 /km²
Heimeside: www.php.gov.gr

Ípiros (gresk Ήπειρος, albansk Epir) er ein av tretten periferiar i Hellas og ligg nordvest i landet. Han fell i hovudsak saman med den tradisjonelle regionen med same namn. Periferien grensar til Vest-Makedonía og Thessalía i aust, Ártabukta og Vest-Hellas i sør, Det joniske havet og Dei joniske øyane i vest og Albania i nord.

Ípiros omfattar dei tidlegare prefektura Ioánnina, Thesprotía, Árta og Préveza. Periferien har eit areal på 9 200 km² og ein folkesetnad på om lag 340 000. Hovudstaden og største by er Ioánnina med om lag 65 000 innbyggjarar. Folkesetnaden i dag er nesten utelukkande greskspråkleg og religionen er gresk ortodoks. Det er òg små romani-minoritetar der.

Periferieiningar og kommunar[endre | endre wikiteksten]

Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Ípiros delt inn i fire periferieiningar som omfattar 18 kommunar.[2]

Periferieining Innbyggjarar Kommunar
Ioánnina 167 901 Ioánnina, Kónitsa, Pogóni, Zagóri, Métsovo, Zítsa, Nord-Tzoumérka, Dodóni
Árta 67 877 Árta, Sentral-Tzoumérka, Nikólaos Skoufás, Jeórjos Karaiskákis
Préveza 57 491 Préveza, Zirós, Párga
Thesprotía 43 587 Igoumenítsa, Soúli, Filiátes
██  Periferieininga Ioánnina ██  Periferieininga Árta ██  Periferieininga Préveza ██  Periferieininga Thesprotía
Kommune Periferieining Areal Folketal Hovudsete
1   Ioánnina Ioánnina 402,0 112 486 Ioánnina
2   Kónitsa Ioánnina 949,9 6 362 Kónitsa
3   Pogóni Ioánnina 702,5 8 960 Kalpáki
4   Zagóri Ioánnina 995,3 3 724 Asprángeli
5   Métsovo Ioánnina 366,8 6 196 Métsovo
6   Zítsa Ioánnina 566,3 14 766 Eleoúsa
7   Nord-Tzoumérka Ioánnina 361,5 5 714 Prámanda
8   Dodóni Ioánnina 663,0 9 693 Ajía Kyriakí
9   Árta Árta 436,8 43 166 Árta
10   Sentral-Tzoumérka Árta 515,9 6 178 Vourgaréli
11   Nikólaos Skoufás Árta 225,9 12 753 Péta
12   Jeórjos Karaiskákis Árta 466.7 5 780 Áno Kalendíni
13   Préveza Préveza 381,6 31 733 Préveza
14   Zirós Préveza 386,2 13 892 Filippiáda
15   Párga Préveza 276,5 11 866 Kanalláki
16   Igoumenítsa Thesprotía 426,6 25 814 Igoumenítsa
17   Soúli Thesprotía 501,9 10 063 Paramythiá
18   Filiátes Thesprotía 590,6 7 710 Filiátes

Periferi og periferieiningar[endre | endre wikiteksten]

Den tradisjonelle regionen fell i hovudsak saman med periferien Ípiros med desse periferieiningane:

Periferi Hovudstad Areal Folketal[1]
Ípiros
består av:
Ioánnina 9 203 km² 336 856
1 Periferieininga Ioánnina Ioánnina 4 990 km² 167 901
2 Periferieininga Árta Árta 1 662 km² 67 877
3 Periferieininga Préveza Préveza 1 036 km² 57 491
4 Periferieininga Thesprotía Igoumenítsa 1 515 km² 43 587
Totalt Ípiros 9 203 km² 336 856

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk strakk Ípiros seg lenger nord inn i dagens Albania. Det er framleis ein betydeleg gresk minoritet i det sørlege Albania, som grekarane kallar nordlege Ípiros. Hellas fastheldt eit territorielt krav til det sørlege Albania i mange år, men i dag har begge landa godkjent den noverande grensa. Hellas si største uro i dag er ulovleg innvandring av albanarar som søkjer arbeid i Hellas.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ípiros består hovudsakleg av fjellrekkjer som nokre stader når 2 600 moh. I aust formar Píndosfjella ryggrada i Hellas og skil Ípiros frå Makedonia og Thessalía. Mesteparten av Ípiros ligg på vindsida av Píndos. Vindane frå Det joniske havet gjev regionen meir regn enn nokon anna del av Hellas. Denne fordelen er sett tilbake av mangelen på dyrkbar mark og dårleg jordkvalitet. Resultatet er at landbruksproduksjonen i Ípiros alltid har vore blant dei dårlegaste i Hellas. Det vert dyrka tobakk rundt Ioánnina, og det er noko mjølkeproduksjon og fiske, men mesteparten av maten i området må importerast. Det har vorte jamt avfolka gjennom emigrasjon sidan 1800-talet pga. få ressursar og industriar. Folkesetnaden er konsentrert i området rundt Ioánnina som har noko produksjon og serviceindustri. Trass i mange attraksjonar har ikkje Ípiros opplevd den turismen som mange andre delar av Hellas har.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferien er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Ioánnina Ioánnina 65 574
Árta Árta 21 895
Préveza Préveza 19 042
Anatolí Ioánnina 9 798
Igoumenítsa Igoumenítsa 9 145
Filippiáda Zirós 4 619
Katsikás Ioánnina 3 885
Eleoúsa Zítsa 3 484
Kardamítsia Ioánnina 3 172
Exokhí Ioánnina 2 975
Kónitsa Kónitsa 2 942
Pediní Ioánnina 2 871
Néa Selévkia Igoumenítsa 2 535
Kanalláki Párga 2 513
Filiátes Filiátes 2 512
Métsovo Métsovo 2 503
Paramythiá Soúli 2 363
Párga Párga 2 088

Referansar[endre | endre wikiteksten]


Tradisjonelle regionar i Hellas
Thráki • Makedonía • Ípiros • Thessalía • Sentral-Hellas • Attikí • Peloponnes • Dei egeiske øyane • Dei joniske øyane • Kreta