Epitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit epitet (frå gresk epitheton, «tilføying») er eit skildrande tillegg, oftast eit adjektiv, til et substantiv.

Døme på ståande epitet

Frå Snorre veit vi at slike tilnamn var vanlege i det vi kallar sagatida. Dei kom oftast etter fornamnet. Her i alfabetisk rekkefølgje: Eirik Raude, Erling Skakke, Gorm den gamle, Halvdan Svarte, Harald Hardråde, Olav den heilage, Olav Kyrre (mild, roleg), Sigurd Jorsalfare.

Innan den biologiske nomenklaturen kallast den andre lekken av eit artsnamn for epitet. Eit døme er mennesket sitt vitskaplege namn Homo sapiens. Homo er slektsnamnet medan sapiens (latin for «tenkande») er epitetet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]