Epte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Epte
Epte ved Gisors
Epte ved Gisors
Utspring Normandie
- Høgd 190 m
Munning Seinen
Land i nedslagsfelt Frankrike Frankrike
Lengd 113 km
Middelvassføring 9,8 m³/s
Nedslagsfelt 1 403 km²

Epte er ei elv i Seine-Maritime og Eure i Normandie i Frankrike. Ho er ei av sideelvane til Seinen frå høgre. Elva har sitt utspring i Seine-Maritime i Pays de Bray, nær Forges-les-Eaux, og munnar ut i Seinen ikkje langt frå Giverny.

I 911 etablerte Saint Clair-sur-Epte-traktaten elva som den historiske grensa mellom Normandie og Île-de-France.

Måleri av Claude Monet frå 1899 av ei sideelv til Epte

Claude Monet budde i Giverny nær elva i meir enn 40 år. I hagen hans rann ei grein av Epte, og han oppretta ein vasshage med sine vidkjende vassliljer og brua i japansk stil. Elva er med i fleire av måleria hans, mellom anna Peupliers au bord de l'Epte.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Epte