Ercolano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ercolano
Hovudgata i Ercolano
Hovudgata i Ercolano
Byvåpenet til Ercolano
Byvåpenet til Ercolano


Plassering
Ercolano is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Campania
Napoli
Borgarmeister Gaetano Daniele
Geografi
Flatevidd
 - By

19 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

55 637
  2879/km²
Koordinatar 40°48′″N 14°21′″EKoordinatar: 40°48′″N 14°21′″E
Høgd over havet 44 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 80056
Telefon-retningsnummer 081
Nettstad: www.comune.ercolano.na.it

Ercolano er ein by i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia og har om lag 55 000 innbyggjarar.

Ercolano vart kalla Herculaneum fram til 79 e.Kr. og Resina fram til 1969. Han vart truleg grunnlagd av oskarar, ei italisk stamme på 700-talet fvt., og kom seinare under både etruskarar og samnittar. Under romarane vart byen ein kjend feriestad der nokre av dei rikaste innbyggjarane i Roma ferierte om somaren. Etter utbrotet til Vesuv i å 79 e. Kr. vart byen forlatt og var stort sett folketom dei neste tusen åra. I motsetnad til innbyggjarane i nabobyen Pompeii vart innbyggjarane i Herculaneum kvelt til døde av dei giftige gassane og ikkje gravlagd i oske. Byen vart delvis nedbrend av den varme gjørma. Rundt år 1000 byrja folk å flytte tilbake att og heilagdomen Castel di Resina vart bygd. I 1709 vart dei gamle ruinane av byen oppdaga i lag med Pompeii.

I 1969 vart namnet endra frå Resina til Ercolano for å ære det gamle namnet på byen og i dag er Ercolano ein del av storbyområdet til Napoli.

Herculaneum er i dag ein del av UNESCO si verdsarvliste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]